Fysioterapeut; Ergoterapeut
Bømlo kommune
- Frist 12.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Tre spennande vikariat: fysioterapeut og ergoterapeut – kanskje det er deg?
Grunna babyboom i ergo- og fysioterapitenesta har me no fleire ledige årsvikariat!
Hos oss får du vere med og bidra til at vaksne med sjukdom eller skade får betre funksjonsevne og meistring i kvardagen. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og tett samarbeid – alt for å sikre god oppfølging for tenestemottakarane.
Om tenesta
Ergo- og fysioterapitenesta i Bømlo kommune består av fire fysioterapeutar, fire ergoterapeutar, logoped og verksemdleiar. Tenesta driftar òg det kommunale hjelpemiddellageret. Det er i tillegg 4,4 driftstilskot for avtalefysioterapeutar i kommunen.
*Utlysinga gjeld to ledige vikariat som fysioterapeut og eit ledig vikariat som ergoterapeut. Oppgi i søknaden kva stilling du søkjer. Søknadene blir vurderte kvar for seg etter fristen.
Arbeidsoppgåver
Ergo- og fysioterapitenesta gir individuelt tilpassa tiltak for vaksne med funksjonsnedsetjing. Me tilbyr opptrening, rehabilitering, vurdering og tilpassing av hjelpemiddel, og har eit tett tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskapleg oppfølging. Pasientgruppa er særleg personar med funksjonsnedsetting og eldre.
- Som fysioterapeut vil du få oppgåver innan rehabilitering, habilitering, oppfølgjing av kronisk sjuke, trening og hjelpemiddelformidling.
- Som ergoterapeut vil du få oppgåver innan kartlegging, tilrettelegging, oppfølgjing av kronisk sjuke, habilitering og hjelpemiddelformidling. Det kan bli oppgåver på det kommunale hjelpemiddellageret.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som fysioterapeut eller ergoterapeut. Me vil oppmoda nyutdanna til å søkje.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Det er ein fordel om du har:
- Førarkort klasse B (tenesta har leasingbilar).
- Erfaring /praksis frå kommunehelsetenesta, hjelpemiddelformidling, rehabilitering eller arbeid med vaksne/eldre.
Personlege eigenskapar
- Engasjert, sjølvstendig og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg arbeid.
- Tydeleg kommunikasjon og evne til å skape tillit.
- Fleksibel og tilpassingsdyktig.
- Positivt menneskesyn og ønskje om å bidra til meistring og deltaking.
I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.
Me tilbyr
- Ein arbeidsplass med stort fagleg engasjement og inkluderande arbeidsmiljø.
- Varierte arbeidsoppgåver som gir både fagleg og personleg utvikling.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Anna informasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmoda alle kvaliserte søkjarar om å søkja stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkja om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synast du stillinga virkar spennande og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Kathrine Tislevoll Nygård.
FerdigheterAI-generert
- Eldreomsorg
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Berekraftige Bømlo!
Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.
Kven er me?
Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.
Kva får du hos oss?
Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Leirdalen 25, 5430 Bremnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut, Fysioterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Opptrening, Rehabilitering, Habilitering, Helse, Hjelpemiddelformidling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441579005
- Sist endret

