Plattformingeniør ved IT-avdelinga
Universitetet i Bergen
- Frist 22.12.2025
- Ansettelsesform Fast
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:Ver med å forme framtidas IT-teneste for forsking ved UiB!
Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som plattformingeniør – avdelingsingeniør/overingeniør i seksjon for IT-fellestenester.
IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 130 tilsette, og i tillegg lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Sjå meir om avdelinga her: https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib
Stillinga inngår i Plattformgruppa. Gruppa har blant anna ansvar for drift en kubernetesbasert plattform.
Arbeidsoppgåver:
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:
- Drift og utvikling av RAIL som er en kubernetesbasert plattform for applikasjonsdrift
- Brukarstøtte til konsumentar av RAIL
- Vere med på å stille krav til og utvikle Openstackløsninga RAIL kjører på (NREC)
- Andre driftsoppgåver innan Linux-tjenere
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- God kjennskap til kodedefinert infrastruktur
- God kjennskap til drift av kubernetes
- God kjennskap til Linux
- Kjennskap til å konsumere Openstack
- Utdanning innan relevant IKT-fag
- Du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
- Du er sjølvstendig, strukturert og kan arbeida i team
- Du er nysgjerrig, opptatt av å finna gode løysingar og har god arbeidskapasitet
- Forståing av informasjonstryggleik
- IT-teknisk kompetent, nysgjerrig og svolten på å lære nye ting
- Høy arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Du er god til å samarbeide og til å bygge relasjonar internt og eksternt. I tillegg evner du å forstå behova til brukarane våre
- Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
Vi tilbyr:
- Stilling som avdelingsingeniør (kode1085) i årsløn kr. 552 000 – 595 000, eller overingeniør (kode 1087) i årsløn kr. 615 000 – 700 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller gruppeleiar Christoffer Krzywinski (christoffer.krzywinski@uib.no ,mobil 98243689).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441015431
- Sist endret


