Helgestillingar på Luranetunet
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
- Frist 14.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe helg på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?
Luranetunet bu- og behandlingssenter søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar dag, kveld eller natt. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.
Kvifor velje Luranetunet?
- Vi har ein unik tropehage på 1300 m² eit varmt og levande samlingspunkt for bebuarar, pårørande og tilsette.
- Du får jobbe tverrfagleg og bli kjent med alle avdelingar noko som gir brei erfaring og fagleg utvikling.
- Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen.
- Du blir del av eit fellesskap som jobbar for utvikling og vekst i samspel vår visjon.
Arbeidstid og stillingsstorleik
- Arbeid på helg: fredag og/eller laurdag og søndag.
- Turnusordningar: annakvar, tredje kvar eller kvar fjerde helg i langvakter.
- Stillingar frå 11 % til 25 % skriv gjerne i søknaden kva du ønskjer.
Kven ser vi etter?
- Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning.
- Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning.
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Politiattest må leggjast fram.
Om arbeidsstaden
Luranetunet ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar inkludert tilrettelagte avdelingar for personar med demens. Vi er ein utdanningsinstitusjon med studentar, lærlingar og vi har eigne sjukeheimslegar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Vi tilbyr
- God opplæring og rettleiing
- Løn etter gjeldande avtalar
- Studentavlønning for relevant utdanning
- Tillegg på årslønn for arbeid på natt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fokus på heiltidskultur
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Søknadar blir vurdert fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
FerdigheterAI-generert
- Demensomsorg
- Eldreomsorg
- Helsevitenskap
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
sykehjem, sykepleier, vernepleier, helsefagarbeider, student
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440274187
- Sist endret
