Økonomikonsulent
Sunnhordland Kraftlag
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobba med det grøne skiftet?
SKL har stadig nye kraftverk under bygging og planlegging, og utvidar økonomiavdelinga med èin ny medarbeidar. Stillinga inngår i administrasjonen til SKL. Arbeidsstad vil vera ved SKL sitt hovudkontor på Stord.
Sentrale oppgåver vil vera:
Rekneskapsføring A-Å
Lønn
Avstemming, kontroll og periodeavslutting
Utarbeiding av analysar og rapportering av nøkkeltal
Vera ein rådgivar for andre avdelingar
Kompetanse:
Bachelor innan økonomi, rekneskap eller tilsvarande
Kunnskap og erfaring innan fagområda rekneskap, meirverdiavgift, skatt og lønn er ein fordel
Fleksibel og løysningsorientert
Vilje og gode evner til tverrfagleg samarbeid
Gode IT-kunnskapar, kjennskap til Visma er ein fordel
Me tilbyr ei spennande stilling med gode utviklingsmoglegheiter. SKL har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med eit godt velferdstilbod. Arbeidsplassen er sentralt plassert midt i Leirvik sentrum. SKL tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsvilkår.
SKL verdset eit arbeidsmiljø der menneske med ulik bakgrunn, kulturell forståing og funksjonsvariasjon kan bidra til innovasjon, vekst og verdiskaping. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søka.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Norge. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.
- Sektor: Privat
- Sted: 5417 Stord
- Bransje: Kraft og energi, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Lønn, Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
rekneskap, lønn, avstemming, visma, økonomi
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439283562
- Sist endret