Helsesjukepleiar
Time kommune
- Frist 10.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsesjukepleiar
Har du lyst til å arbeide som helsesjukepleiar i Time kommune? Me søkjer helsesjukepleiar til 90% fast stilling til avdeling helsestasjon- og skulehelsetenesta. Avdelinga er organisert i tenesteområde Oppvekst. I kommunen er det ein helsestasjon og 11 skular.
Stillinga er i skulehelsetenesta. På skulane arbeider ein i team med ein annan helsesjukepleiar. Kvar skule har "Laget rundt læraren og eleven" der ein jobbar tverrfagleg på både individ- og systemnivå.
Ein spennande jobb i ein sterk fagleg organisasjon som vektlegg å dela kunnskap og ferdigheiter med kvarandre.
Trivelege og inkluderande kollegaer.
Arbeidsoppgåver
Skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste i grunn-og vidaregåande skule og er underlagt forskrift og Nasjonal fagleg retningslinje for det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i helsestasjon, -skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
- Følgje fast program for barne- og ungdomsskulen
- Vera tilgjengeleg for elevane i open dør konsultasjonar
- Delta i tverrfagleg samarbeid om oppgåver i skulehelsetenesta
- Bistå med råd og rettleiing ved behov til foreldre og skulens personell
Kvalifikasjonar
Vidareutdanning som helsesjukepleiar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eiga utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Det er lovkrav om at politiattest skal registreres før første arbeidsdag tar til.
FerdigheterAI-generert
- Grunnleggende sykepleie
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hulda Garborgs veg, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Helsesykepleier, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Helsesjukepleiar, Helsestasjon, Skulehelsetenesta
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439134935
- Sist endret