Ingeniør teknisk drift
Fjord kommune - Tett på det som betyr noko
- Frist 14.12.2025
- Ansettelsesform Fast
I Fjord kommune på Sunnmøre kjennast livet litt meir ekte, og kvardagen lettare. Her vaknar du til fjordglimt og sterke lokalsamfunn, ungar som spring trygt mellom gode nærmiljø, og ein kvardag der både skule, barnehage, natur og fritid er tett på – og lett å bruke. I Fjord kommune finner du eit rikt kulturliv og næringsliv i utvikling.
Vi tilbyr ikkje berre ein jobb, men ein stad der livet rett og slett smakar betre. I Fjord er det korte avstandar, mindre stress og rom for å puste – men òg store mulegheiter, gode tenester og eit lokalsamfunn som faktisk ser deg.
Les meir om alt Fjord kommune har å tilby på OPPLEVFJORD.NO
Og for å gjere starten enkel, vi hjelper deg inn på ekte det første året!
Gratis husleige i 6 månader, hjelp til å finne bustad, gratis abonnement på treningsenter i kommunen, årskort til Arena Overøye og Tafjordbadet for deg og familien. I kommunen vår er det i dag behov for fleire flinke folk til arbeidsoppgåver i Helse og oppvekst sektoren om du har partner som også er på jakt eetter arbeid. Vi har og god kontakt med det private næringslivet i kommunen og kan også formidle kontaktar i så måte.
Her er terskelen låg, og utsikta heilt rå.
Bli med heim til Andreas Ødegaard - Folk i Fjord
Vi ser etter deg som har lyst til å ta styringa – ikkje berre jobbe i ein kommune, men vere med på å løfte ho. I denne rolla får du vere personen som gjer kvardagen trygg, effektiv og smart for både innbyggjarar og kollegaer. Du få sitte saman med gode kollegar på Kommunehuset i Stordal.
Har du spørsmål til stillinga eller kommunen, er det bare å ta kontakt med dine potenislle nye arbeidskollegaer.
Dette blir jobben din
- halde oversikt og sørge for at internkontroll og HMS faktisk funkar – også i praksis
- koordinere driftsteamet og sørge for at rett folk er på rett plass til rett tid
- halde orden på dokumentasjonen – og gjere det enklare for alle
- inpusse og utvikle rutinar som gjer drift betre og meir oversikteleg
- ta i bruk digitale løysingar som sparar tid, pengar og frustrasjon
- jobbe tett med bygg- og kommunalteknisk avdeling og vere bindeleddet som skaper flyt
Kvalifikasjonar
Du bør ha relevant utdanning på bachelornivå innan bygg eller tilsvarande realkompetanse, og erfaring frå fagområdet du skal leie. Førarkort minimum klasse B er eit krav.Vi tror du vil trivast her dersom du
- er typen som likar når ting er på stell – og kan få det til å skje
- motiverar folk, lyttar og får teamet ditt til å spele kvarandre gode
- har erfaring frå drift/bygg/tekniske fag og synest utvikling er gøy
- er digitalt interessert (du treng ikkje vere tech-nerd, berre open og effektiv)
- trivst med ansvar, men også med ein kaffiprat i gangen.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Lønn etter avtale
- Kommunen legg til rette for fagleg utvikling og etter-/ vidareutdanning
- Huska du årskort på treningssenter, gratis husleige i 6 mnd....
Dette er ei rolle for deg som vil bety noko – for folk, for teamet ditt, og for ein kommune som faktisk satsar.
Her blir du ikkje ein liten del av eit stort system
Kontaktinformasjon
Freddy Hanssen, Kommunalsjef Teknisk, 97970030Trond Alstadsæter, Leiar Bygg og kommunalteknikk, +47 99711252
Arbeidsstad
Stordalsveien 5506250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 5045258879
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438986870
- Sist endret

