Miljøarbeider i 50 % vikariat ved Lund arbeidsbase
Vang Kommune, Tilrettelagde tenester
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Tilrettelagde Tenester avd. Lund arbeidsbase søkjer miljøarbeidar i 50 % vikariat, som skal bistå til ein aktiv og meiningsfull kvardag. Miljøarbeidaren skal vera veiledande og motiverande for både unge og vaksne som treng ein meiningsfylt arbeidsretta aktivitet i kvardagen.
2975 VANG I VALDRES
Referansenr.: 5034291713
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 10.12.2025
Arbeidsoppgåver
- Praktiske og faglege arbeidsoppgåver tillagt den enkelte, i samarbeid med fagansvarleg og næraste leiar.
- Utøve målretta miljøarbeid. Gjere seg kjend med, og opptre slik, at eigen praksis tilfredsstiller gjeldande lover, reglar og normer.
- Vere lojal overfor vedtak og tiltak.
- Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid.
- Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6.
- Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting.
- Dokumentere etter gjeldande lover og reglar.
- Me har mange ulike oppgåver der ein treng kjennskap til alt frå kjevle og catering til traktor, planting og blomeoppsetting. Dette er arbeids- og aktivitetsoppdrag som Lund bidreg til.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan helse og omsorg, anna relevant utdanning kan bli vurdert.
- Praksis og erfaring med målgruppa, samt personleg eignaheit, vert vektlagt.
- Gode samarbeidsferdigheiter.
- Ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg er viktig.
- Førarkort klasse B for manuelt gir er eit minimum.
Personlege eigenskapar
- Du er tillitsskapande og innkluderande. Du er stabil, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du er motivert, engasjert og strukturert, og søkjer eigen kunnskap innanfor fagfeltet.
- Du kan samarbeide, er mottakeleg for rettleiing men likevel arbeide sjølvstendig.
- Du evnar å sjå gevinsten av tverrfagleg samarbeid, og andre samarbeidsinstansar.
- Du er tålmodig og evnar å sjå det individuelle behovet for å nå målsettingar.
- Du likar å arbeide med menneske og skapar lett tillit hjå andre.
- Tidlegare erfaring i arbeid med ulike diagnosar.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Ved intern tilsetting kan andre tilsvarande stillingar verte tilbydt.
Kontaktinformasjon
Marit Gjærdingen, Avdelingsleiar Lund, 901 40 142, Marit.Gjerdingen@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51502975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 5034291713
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 10.12.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438985411
- Sist endret

