Pedagogiske leiarar i barnehage - 2 x 100 % vikariat
Vang Kommune
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vang kommune søkjer etter pedagogiske leiarar i barnehagane Fredheim barnehage og Høre barnehage frå januar 2026, og i første omgang ut juli-2026 med mogleg forlenging. Det er ledig 100 % vikariat i kvar barnehage.
Me ser etter pedagogar som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
Kva kan me tilby?
- Gode lønsvilkår for pedagogiske leiarar - 10 års tilleggsansiennitet!
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Ein variert kvardag, med mange spennande arbeidsoppgåver
- I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
- Me kan hjelpe til å ordne bustad
- Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På veldig kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.
Fredheim barnehage
Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi utedagar for alle årskulla på stor avdeling. På minste avdeling ein dag for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og overordna administrativt og pedagogisk ansvar
- Ansvar for å gjennomføre og synliggjere pedagogisk utvikling
- Betrakte barnehagen som heilheit og ha omsorg for alle barn
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Gjerne med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- er supermotivert til å arbeide med barn.
- er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er strukturert og endringsvillig
- er fleksibel
- er lærevillig, trygg og ansvarlig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Ved tilsetjing skal gyldig politiattest leverast før oppstart
Kontaktinformasjon
Heidi Lynge Kvale, Barnehagestyrar, 90580529, Heidi.Lynge.Kvale@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 5046476880
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438949424
- Sist endret
