Head of ERP
ULSTEIN
- Frist 8.12.2025
- Ansettelsesform Fast
ULSTEIN søker Head of ERP
ULSTEIN sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. For å oppnå dette er kontinuerleg fokus på teknologi og utvikling avgjerande.
No søker vi etter ein Head of ERP som kan bidra til å modernisere og effektivisere arbeidsprosessane våre knyttet til ERP. Stillinga er tilknytt Ulstein Verft, men har ein viktig rolle som konsernfunksjon som støttar heile Ulstein Group. Dette gir deg unik innsikt og påverknad på tvers av fleire selskap.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som Head of ERP får du operativt fagansvar for å utvikle, drifte og vidareutvikle dei digitale ERP-løysingane våre. Dette skal bidra til betre innsikt, auka automatisering og betre samhandling i heile organisasjonen.
Du vil arbeide tett med Business Applications teamet, IT, prosesseigarar, Key Users frå ulike fagområde og selskap, og vår leverandør. Oppgåvene vil variere frå dagleg problemløysing saman med brukarane til deltaking i interne forbetringsprosjekt.
Dine viktigste oppgåver inkluderer
operativt fagansvar for drift og vedlikehald av Microsoft Dynamics 365 Finance & Operations (F&O)
forbetring og vidareutvikling av forretningsprosessar knytt til ERP
utvikling og vedlikehald av PowerBI-rapportar
koordinering og leiing av avgrensa interne digitaliserings- og forbetringsprosjekt
å identifisere og automatisere manuelle prosessar ved hjelp av verktøy som Power Automate, Power Apps og Copilot Studio
Arbeidsstad er Ulsteinvik.
Din profil
Vi søkjer etter deg som er ein selvgåande og operativ problemløysar, og som brenn for kontinuerleg forbetring og å finne dei gode løysingane. Du kan sjå deg sjølv som ein digital prosessutviklar.
Din personlege profil:
Du er analytisk og strukturert, og har evna til å sjå samanheng mellom data, prosessar og forretningsmål – for å skape verdi for organisasjonen.
Du er nysgjerrig på ny teknologi, digitalisering, automatisering og KI.
Du er genuint interessert i å hjelpe og støtte brukarane.
Du har fokus på god kommunikasjon og samarbeid for å lukkast i tverrfaglege team.
Ønska kompetanse og bakgrunn:
Høgare relevant utdanning.
Relevant erfaring frå prosjektbasert industri eller konsulenterfaring.
Erfaring frå implementering, drift og/eller vidareutvikling av forretningssystem.
Erfaring med Microsoft Dynamics 365 F&O er ein fordel, men ikkje eit krav.
God systemforståing, gjerne med bakgrunn frå økonomi, prosjekt, supply chain, logistikk eller IT.
Erfaring med å koordinere og leie mindre, avgrensa forbetringsprosjekt.
ULSTEIN tilbyr
Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
Konkurransedyktige lønnsvilkår, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.
Kvifor velje ULSTEIN?
Du får utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
Du blir ein nøkkelperson i interne digitale- og forbetringsprosjekt.
Du får moglegheit til å jobbe med ny teknologi og eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling innan digitalisering og prosessutvikling.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, god pensjonsordning og gode forsikringsordninger.
Du blir ein del av eit innovativt og framoverlent miljø som bygg på 100 års erfaring
Søknadsfrist: 8. desember – søknader blir fortløpande vurderte
Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgivarane
Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i ULSTEIN i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg. Tiltreding etter avtale.
Ferdigheter
- Analysere forretningsprosesser
- Automatisering
- Digitalisering
- Forsyningskjedestyring
- IKT-forretningssystemer
- Logistikk
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet. Visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Konsernet har aktivitet i fleire land og har over 500 tilsette, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. ULSTEIN er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
For meir informasjon, sjå ulstein.com
- Sektor: Offentlig
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Shipping
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Løsningsarkitekt, Systemarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
erp, microsoft dynamics 365, forretningsprosessar, powerbi, automatisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438070935
- Sist endret


