Ferievikar 2026 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Avdeling for medisinsk mikrobiologi, avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og avdeling for patologi er tre av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk. Klinikken omfattar alle laboratoriefaga og radiologi, og har eit sterkt fokus på kvalitetsarbeid.
Det er behov for ferievikarar ved følgande seksjonar i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 33:
- Medisinsk mikrobiologi Ålesund
- Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund
- Patologi Ålesund
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast to til tre veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- 1., 2. eller 3. års bioingeniørstudent
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Lars Christian Fjørtoft, Seksjonsleiar, medisinsk mikrobiologi, lars.christian.fjortoft@helse-mr.noCamilla Jensen Pedersen, Seksjonsleiar, medisinsk biokjemi og blodbank, camilla.jensen.pedersen@helse-mr.no
Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, patologi, hilde.guttormsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5042324041
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 28.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437955583
- Sist endret
