ID 2397 Ferievikarar 2026 - Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling IDA
Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sunnhordland interkommunal legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 35.000 innbyggjarar. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.
Søkjer du ein interessant sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Me har behov for lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar i perioden 15.06.26 - 16.08.26 ved legevakta og Døgnavdeling IDA.
På legevakta treng me sjukepleiarar (gjerne med minst 2 års erfaring), samt medisinstudentar som har bestått 3.året.
Ved døgnavdelinga treng me sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt sjukepleiarstudentar.
Vi søker lege i den perioden ( gjerne spesialist allmenmedisin/geriatri) på Døgnavdeling IDA ( arbeidstiden frå 10.00 til 15.15 med bakvaktstelefon frå 08.00 til 10.00) Døgnavdelling har 9 senger ( 5 korttidsplasser og 4 øyeblikkelig hjelp senger )
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå. Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg.
Høyres dette interessant ut? Søk då vel!!!
Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Agata Kapuscinska 40729263 eller avdelingsleiar Ingvild Boga 91727837
NB. Husk å fylle ut kva tid du ynskjer å jobbe . Søkjarar som kan jobbe heile perioden eller i 6 veker eller meir vil bli prioritert.
Det blir ikkje sendt ut førebels melding ettersom det kjem søknader inn heile tida.
Alle ferievikarar må leggja fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437633413
- Sist endret
