Statsautorisert regnskapsfører
DRIV ØKONOMI AS
- Frist 17.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Tall i balanse?
Statsautorisert rekneskapsførar søkjast til Driv Økonomi AS.
Bli med oss på laget i Ulsteinvik!
Har du lidenskap for tal, struktur og gode løysingar - og lyst til å jobbe i eit miljø der både folk og fag får rom til å vekse?
Driv Økonomi AS er i vekst, og vi søkjer ein statsautorisert rekneskapsførar som vil vere ein nøkkelperson i vidareutviklinga av selskapet vårt. Vi er eit framoverlent rekneskapsbyrå med base i Ulsteinvik - midt i hjartet av eit spanande næringsliv. Vi leverer rekneskap, rådgjeving og økonomistyring til små og mellomstore verksemder i ulike bransjar, og vi legg stoltheit i å vere personlege, presise og proaktive. Hos oss får du jobbe tett med kundar, kollegaer og teknologi - og du får vere med på å forme måten vi jobbar på i åra som kjem.
Vi tilbyr:
- Ei sjølvstendig og utviklande rolle i eit selskap med kort veg til avgjerslene
- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø - vi likar å ha det kjekt på jobb!
- Fleksibilitet, moderne verktøy og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Varierte oppgåver og arbeidsdagar
- Konkurransedyktige vilkår
Ansvarsområde:
- Ansvar for eigen kundeportefølje med fokus på kvalitet, service og rådgjeving
- Oppfølging av rekneskap fra A til Å, inkludert rapportering, avstemming og årsoppgjer
- Rådgjeving og sparring med kundar innan økonomi, lønsemd og effektivisering
- Bidra til vidare digitalisering og forbetring av våre arbeidsprosessar
- Fagleg støtte og rettleiing for kollegaer
Vi ønsker oss:
- Er statsautorisert rekneskapsførar, med erfaring frå byrå eller tilsvarande rolle
- Har god forretningsinnsikt og evne til å sjå heilheita bak tala
- Er trygg i dialog med kundar og trivast med å byggje relasjonar
- Er strukturert, nysgjerrig og likar å finne smartare måtar å gjere ting på
- Setter pris på et uformelt, men fagleg sterkt arbeidsmiljø
Ulsteinvik - ein av Noregs mest spennande stadar å kombinere jobb, natur og livskvalitet.
Driv Økonomi AS - vi gir bedrifter drivkraft til å lykkast.
FerdigheterAI-generert
- Autorisert regnskapsfører
- Avstemming av kontoer
- Digitalisering
- Rapportering
- Utarbeide årsregnskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Brendehaugen 13, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
Regnskap A-Å, Regnskapsfører, Rådgiver økonomi, Økonomi og regnskap, Finansiell rapportering
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437137701
- Sist endret

