Maskinsjef - Prosjektressurs: Verdas første autonome fergesamband!
Fjord1 AS
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi er godt i gang med prosjektet, og ønskjer no å styrke teamet ytterlegare. Her får du sjansen til å sette ditt preg på framtidas fergedrift!
Fjord1 gjer deg ei sjeldan moglegheit: ei spennande prosjektrolle med fleksibel turnusordning i prosjektfasen, med arbeidsperiodar både i Tyrkia og på hovudkontoret i Florø/heimekontor, med påfølgjande 3 veker fri. Vi garanterer tilbod om fast stilling etter fullført prosjekt.
Du vert ein nøkkelperson i eit engasjert team som formar framtidas fergedrift!
Bli med på eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom fergedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi. Som prosjektressurs får du ansvar i eit unikt og spennande prosjekt med fantastiske moglegheiter for fagleg utvikling og lærerike utfordringar.
Di rolle er sentral som opplæringsressurs for nye fartøy. Du vil starte som prosjektressurs, og vil tileigne deg kompetanse om dei nye fartøya ved Tersan Shipyard i Tyrkia. I tillegg får du oppfølgjingsansvar for fartøya når dei kjem til Norge. Fartøya skal leverast frå verftet mellom februar og juli 2026, med oppstart i nytt anbod 1. september 2026.
Kvar av fergene har kapasitet til 120 personbileiningar og 399 passasjerar, og vert utrusta med batteri og ladesystem for heilelektrisk drift. Design og teikningar er utvikla av HAV design, medan Norwegian Electric System er systemintegrator.
Turnus: 4 veker i Tyrkia etterfulgt av 1 veke på kontoret i Florø/heimekontor, før 3 veker avspasering.
For periode i Norge legg ein opp til 2 veker på og 2 veker av. Andre ordningar vil bli vurdert.
Etter endt engasjement tilbyr vi fast stilling i Fjord1, fortrinnsvis knytta til drift av sambandet Lavik - Oppedal.
Rekruttering vil skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
- Dagleg kommunikasjon med byggetilsyn og verft
- Planlegge og evt delta på seglas frå Tyrkia til Norge
- Koordinere og stå for opplæringsaktivitetar for nytt mannskap i Tyrkia og i Norge
- Opplæring og tidvis ei rolle i nytt kontrollsenter ved hovudkontoret i Florø
- Oppdatering av database i vedlikeholdssystem og fartøyhandbok
- Ettersjå og drifte nye fartøy i samarbeid med driftsorganisasjon og planlegge oppstart av fartøy
- Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt
Kvalifikasjonar
- Maskinsjef
- Gode engelskkunnskapar
- Erfaring frå lengre verftsopphald vil vere ein fordel
- Allmenn datakunnskap
- Gode ferdigheiter i bruk av vedlikehold- og sikkerheitsstyringsystem
Personlege eigenskapar
- Systematisk
- Ha interesse og evener til å tileigne seg og vidareformidle ny kunnskap
- Ansvarleg
- Fleksibel
- Løysingsorientert
- Evne til å arbeide i team
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr
- Attraktive lønnsvilkår
- Rotasjonsordning, 5 på 3 av for delar av engasjementet. For periode i Norge etablerar ein andre ordningar som ivaretek jobb og fritid.
- Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Fri bustad i Florø ifm prosjektet
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.noJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5042355210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437131154
- Sist endret