Lege i spesialisering innan psykiatri
Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 15.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig fast utdanningsstilling i psykiatri i Molde frå 01.01.26 og et vikariat fra 05.01.26-04.10.26. Oppstart ved Akuttpsykatri SNR Oppstartdato både før og etter er aktuelt.
I Molde har vi 7 ulike seksjonar som tilsaman dekker alle dei obligatoriske områda av spesialistutdanninga i psykiatri. For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gje LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillingen vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.
Hausten 2024 flytta sjukehuspsykiatrien inn i moderne lokaler i det nye Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset, og våren 2025 flytta resten av somatikken også inn. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
- Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar
- I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling
- Deltakelse i vaktordning
- Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Lege før turnus kan også vere aktuelle til kortare vikariat
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kommuniserar godt både internt og eksternt
- Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
Vi tilbyr
- Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
- Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Kontaktinformasjon
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.noArbeidssted
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5033085807
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 04.10.2026
Søknadsfrist: 15.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435970655
- Sist endret

