Maskinsjef i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. MF Eresfjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 29.12.2025
- Ansettelsesform Fast
No har vi ledig stilling som maskinsjef i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Eresfjord.
Denne stillinga gir deg høve til å arbeide med moderne og miljøvenleg teknologi, og til å bidra aktivt til ei grønare framtid på sjøen.
Som maskinsjef på sambandet blir du ein nøkkelperson i maskinrommet og har ei sentral rolle i å sikre effektiv drift. Du får ein variert kvardag der du får nytte fagleg kompetanse og erfaring, og der godt samarbeid og dialog med kollegaer både om bord og på land er ein viktig del av jobben.
Stillinga er lagt opp med dagvakter, noko som gjer at du kan reise heim etter endt vakt dersom du bur i nærleiken.
For deg som kjem frå ein annan stad, er det moglegheit for å bu om bord.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- FSE e-læring
- Gyldig helseerklæring
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Som maskinist på ferje er det viktig at du trivst med å arbeide tett saman med andre over tid, og at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med ei positiv innstilling. Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både med kollegaer og passasjerar, og har ei serviceinnstilt haldning i møte med våre passasjerar. Samtidig er du fleksibel og tilpassingsdyktig, og handterer endringar og varierte arbeidsoppgåver på ein smidig måte.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Attraktiv skiftordning: 2 veker på og 2 veker av. Kun dagvakter. Prøveordning i 2026 med 3 uker på og 3 uker av store deler av året.
- Mogleg å bu om bord.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Fast stilling i eit solid og anerkjent rederi
- Gode velferdsordningar– Moglegheit til å leige hytter og leilegheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og i tillegg til ulike rabattordningar for tilsette.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgjevar, jonas.hovland@fjord1.noArbeidsstad
6456 Skåla
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5038768481
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435880009
- Sist endret