Ledig stilling Møbel/industrisnekker
Tonning & Stryn As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Tonning & Stryn AS søkjer ein nøyaktig og engasjert møbelsnekkar med noko erfaring til vår maskinavdeling. Vi produserer høgkvalitetsmøblar i heiltre, og du vil bidra til å skape tidlause designprodukt.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
-
Har fagbrev som møbel- eller industrisnekkar (føretrekt), og/eller relevant erfaring innan faget.
-
Er nøyaktig, kvalitetsbevisst og har eit godt auge for detaljar.
-
Har trucksertifikat (fordel, men ikkje krav).
-
Trivst med varierte arbeidsdagar og er motivert for å lære og utvikle deg.
Arbeidsoppgaver
Hovudoppgåver:
-
Materialhandtering, inkludert innkapping, sortering og liming.
-
Maskinering og fresing av trekomponentar.
-
Pussing og finish for å oppnå høg kvalitet.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
-
Ein spennande og utfordrande kvardag med arbeid med solide heiltre-materialar.
-
Mogelegheit til å bidra med utvikling av design- og kvalitetsprodukt teikna av anerkjende norske designarar.
-
Eit stabilt arbeidsmiljø i ei bedrift med lang tradisjon for produksjon av høgkvalitetsmøblar i både tradisjonell og moderne stil.
-
Konkurransedyktige vilkår og gode kollegaer.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435374744
- Sist endret

