Innholdsprodusent
Hotel Alexandra AS
- Frist 17.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du skape innhald som engasjerer og inspirerer?
Vi i Alexandra-konsernet ser etter deg som vil vere med å formidle historia om fjord, fjell og ekte opplevingar – til heile verda.
Alexandra-konsernet er eit av dei leiande reiselivskonserna på Vestlandet, og består av Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Loen Active, Hoven Restaurant, Loen Play og Loen Apartments. Hos oss møter du eit unikt fellesskap som kvar dag jobbar for å skape minner som varer livet ut – midt i noko av Noregs vakraste natur.
No søkjer vi ein engasjert innhaldsprodusent som vil vere med å løfte vår digitale stemme. Du blir ein del av marknad- og salssteamet i Loen, og får vere med på å vise fram opplevingane, menneska og historia bak ein av landets mest ikoniske destinasjonar.
Kort fortalt
Som innhaldsprodusent i Alexandra-konsernet får du ansvar for å produsere og publisere innhald på tvers av kanalar; sosiale medier, nettsider, presentasjonar, nyheitsbrev, kampanjar og profilmateriell. Du sørgjer for at vår tone, uttrykk og forteljing kjem tydeleg fram, og at innhaldet vårt skapar engasjement, inspirasjon og reiselyst.
Du blir ikkje åleine, sjølv om du får ditt eige fagområde. Du blir del av eit dedikert team som samarbeider tett for å skape heilskaplege og inspirerande opplevingar. Saman skal vi vise fram det beste av Loen, og vidareutvikle korleis vi møter gjestane våre på nett.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du mellom anna:
Produsere, redigere og publisere innhald til ulike kanalar: sosiale medier, nettsider, presentasjonar og nyheitsbrev
Fange og formidle stemninga i Loen gjennom foto, video og tekst
Bidra til kampanjar og innhald som løfter merkevarene i konsernet
Optimalisere innhald for synlegheit og engasjement
Samarbeide med resten av marknadsteamet for å styrke den digitale reisa til gjestene våre
Analysere effekt av innhald og bidra til kontinuerleg forbetring
Kven vi ser etter
Vi trur du kjenner deg igjen i dette:
Du har relevant utdanning innan marknadsføring, kommunikasjon, medier eller liknande
Du har 2-3 års erfaring med digital kommunikasjon, innhaldsproduksjon og redaksjonelt arbeid.
Du er kreativ og har sans for god historieforteljing
Du er trygg på tekst, og har evne til å formidle både stemning og fakta
Du forstår korleis visuelt innhald og språk påverkar engasjement i digitale kanalar, til ulike målgrupper
Du har kompetanse på foto, video og publisering i sosiale medier
Du jobbar strukturert, men trivst med høgt tempo og samarbeid
Erfaring med SEO og analyse er eit pluss, men ikkje eit krav
Erfaring frå reiseliv, natur- eller opplevingsbasert kommunikasjon er eit pluss, men ikkje eit krav.
PS: Vi veit at ingen kan alt. Trur du dette kunne vore noko for deg, vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi tilbyr
Som innhaldsprodusent i Alexandrakonsernet får du:
Moglegheita til å formidle noko av det vakraste og mest ikoniske Noreg har å by på
Ein kreativ kvardag med rom for initiativ, idéar og fagleg utvikling
Eit sterkt og inkluderande arbeidsmiljø, omgitt av fjord, fjell og inspirasjon
Tett samarbeid med kollegaer som brenn for reiseliv, gjesteglede, utvikling og kvalitet
Konkurransedyktige vilkår og fleksibel kvardag
Er du klar for å formidle magien frå Loen? Send oss søknad, CV og gjerne portfolio, og fortel korleis du vil bidra til å løfte Loen som reisemål.
Ferdigheter
- Content strategy
- Digital kommunikasjon
- Engelsk
- Markedsføringskampanjer på e-post
- Norsk
- Produsere innhold
- Skrive
- Søkemotoroptimalisering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alexandra-konsernet består av nokre av dei leiande reiselivsbedriftene på Vestlandet, med base i Loen inst i Nordfjord. Alexandra-konsernet består av Hotel Alexandra AS, Hotel Loenfjord AS, Loen Active AS, Loen Skylift As, Hoven Restaurant AS, Loen Eigedomsselskap AS og FA-LS Holding AS og har totalt rundt 200 årsverk fordelt på heilårs- og sesongtilsette. Saman tilbyr vi eit breitt spekter av opplevingar – frå overnatting og lokal mat, til spektakulære pendelbaneturar, aktivitetar i fjell og fjord, familieopplevingar og velvære – heile året.
Vår visjon er å skape minner som varer livet ut, og vi ynskjer å gje gjestane våre både ro, rekreasjon og opplevingar i verdsklasse – midt i noko av Norges vakraste natur.
- Sektor: Privat
- Sted: Lodalsvegen 22, 6789 Loen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Foto, lyd og lys, Innholdsprodusent, Journalist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
marknadsføring, digital kommunikasjon, reiseliv, sosiale medier, innholdsprodusent
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434442137
- Sist endret