Sjukepleiar - vikariat ved Godøy bukollektiv
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig eit vikariat i 85 % stilling som sjukepleiar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, Godøy bukollektiv frå snarast og t.o.m. 20.09.2026.
Stillinga inngår i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling, og i tillegg til formell kompetanse blir lagt personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Dei vanlege sjukepleieoppgåvene som til ei kvar tid gjeld i bukollektiv for eldre.
Arbeidsoppgåver blir endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, og gjerne med vidareutdanning i geriatri. Helsefagarbeidarar kan òg søkje vikariatet og vil bli vurderte om vi ikkje får tilsett sjukepleiar i stillinga.
- Erfaring frå arbeid med demensomsorg er ønskjeleg.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Interesse for demensomsorg og liknande diagnosar.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630
Arbeidsstad
Sandmyrvegen 46055 Godøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5029738788
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Søknadsfrist: 23.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 432338852
- Sist endret

