Kommunikasjonskonsulent
Det Norske Teatret
- Frist 23.10.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Bli med og set preg på uttrykket til Det Norske Teatret!
Vi ser etter ein kreativ og løysingsorientert kommunikasjonskonsulent i vikariat frå desember 2025 til desember 2026, med mogleg forlenging.
Her får du kombinere design, tekst og marknadsføring – tett på kunsten som skjer på og rundt scenen vår.
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du mellom anna jobbe med:
å utforme visuelt materiell/marknadsføringsmateriell som møter publikum der dei er – digitalt og på trykk. Frå annonser og sosiale medium til plakatar, flyers og repertoarmagasin
å utvikle nyheitsbrev frå idé til utsending – med innhald som ser bra ut og treff målgruppene våre
måle og rapportere effektiviteten av marknadsføringsaktivitetane og justere strategiar basert på innsikt
jobbe i lag med vår marknadsførar og utvikle og implementere marknadsføringsstrategiar
samarbeide tett med salskonsulentar for å sikre konsistent merkevarebygging og kommunikasjon.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi ser etter deg som:
har utdanning og erfaring innan grafisk design og marknadsføring
har god skriftleg formuleringsevne og eit godt visuelt blikk – og som trivst med å uttrykke deg på nynorsk
har god kjennskap til Adobe Creative Cloud
har forståing og erfaring for trykk og produksjon
likar å veksle mellom å jobbe sjølvstendig og i team – og som er god til å jobbe med heile prosessen frå idé til ferdig resultat
er nysgjerrig, løysingsorientert og lærevillig
Kvifor søkje?
Hos oss blir du del av eit kreativt miljø midt i hjartet av Oslo, der du får vere med å forme uttrykket til eit av landets mest spennande teater. Du får høve til å bruke både den analytiske og den kreative sida di – og sjå at arbeidet ditt faktisk når ut til publikum.
Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring velkomen.
Søknadsfristen er 23. oktober 2025, men søknader vil bli handsama fortløpande.
Ferdigheter
- Adobe (Software)
- Analysere data
- Arbeid med nyhetsbrev
- Design
- Grafisk design
- Lage markedsmateriell
- Print
- Strategisk markedsføring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.
Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Design, Grafisk, Markedsfører
Nøkkelord
kommunikasjonskonsulent, markethype, kommunikasjon, grafisk design, trykk og produksjon
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 430056879
- Sist endret