Driftsoperatør VA
ØyVAR AS
- Frist 20.10.2025
- Ansettelsesform Fast
ØyVAR søkjer ny driftsoperatør
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytt til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig ovanfor spanande utfordringar i VAR-sektoren.
Øyvar AS ynskjer å styrka bemanninga med ei ny stilling som driftsoperatør på VA-avdelinga.
Vi søkjer deg som ynskjer å jobbe i eit triveleg og hektisk miljø. Den vi søkjer, liker å ta initiativ og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. Er du ansvarleg, imøtekommande og modig? Då er denne stillinga kanskje noko for deg.
ØyVAR ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, kjønn eller bakgrunn.
Hovudarbeidsoppgåva vil vere drift og vedlikehald av vass- og avløpsanlegga i Øygarden kommune. Det vere seg:
· Vassreinseanlegg med leidningsnett og pumpestasjoner
· Avløpsreinseanlegg med leidningsnett og pumpestasjoner
· Må pårekna deltaking i vaktordning
· Andre oppgåver som naturleg følgjer med drift av va-anlegga
Kvalifikasjoner
· Fagbrev som rørleggjar, automatiker eller mekaniker
· VA-erfaring vil bli vektlagt
· Like å arbeide fysisk, både ute og inne
· Å vere lokalkjent i Øygarden kommune vil bli vektlagt
· Gode ferdigheiter i norsk
· Førerkort klasse B
· Kunne arbeide sjølvstendig, men og i lag med andre
· Vere pliktoppfyllande og fleksibel
· Vere løysningsorientert, initiativrik og praktisk anlagt
· Gode samarbeidsevner
· Vere imøtekomande og serviceinnstilt
· Vere sikkerheitsmessig skikka til stillinga
Vi kan tilby:
· 100 % fast stilling
· Spanande arbeidsoppgåver på ein triveleg arbeidsplass
· Personleg og fagleg utvikling
· Nye framtidsretta va-anlegg
· Gode pensjons- og forsikringsordning
· Fleksitidsordning
· Trening i arbeidstida
· Løn etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar og tidlegare praksis
Ein driftsoperatør på vatn og avløp vil få tilgang til sensitiv informasjon om mellom anna vassforsyningssystemet. Ein må derfor i rekrutteringsprosessen forvente å måtte svare på inngåande spørsmål relatert til sikkerheit.
Søknadsfrist er 20. oktober. CV må leggjast ved søknaden.
For opplysningar om stillinga, kontakt fagsjef Stig Hagenes på mobil 97032625.
Søknad skal sendast inn via Finn på «Søk her»
Ferdigheter
- Drift av vann og avløp
- Kjøre
- Norsk
- Personkontroll
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytt til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig ovanfor spanande utfordringar i VAR-sektoren.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lonavegen 20, 5353 Straume
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, VVS
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Mekaniker, Rørlegger
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
driftsoperatør, vatn, avløp, vassreinseanlegg, avløpsreinseanlegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 429875774
- Sist endret