Lærer
Danielsen ungdomsskule Frekhaug
- Frist 12.10.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Lærarstilling ledig
Frå 1.januar 2026 er det ledig stilling som lærar i 100% på DUF frem til 31. juli 2026 med mulighet for forlenging.
Vi kan tilby:
Løn etter avtaleverket.
Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
Nytt og moderne skulebygg.
Eit fagmiljø som jobbar aktivt med forholdet mellom kristen tru og pedagogikk.
Ein skulebevegelse som sidan 1932 har hatt fokus på den enkelte elev og inkludering.
Vi ser etter følgjande kvalifikasjonar:
Godkjent relevant, fagleg og pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet. Særleg aktuelle fag er: Engelsk, men ikkje eit krav.
Tydeleg klasseleiar og ønskje om å bli kontaktlærar.
Kjennskap til LK 2020 og oppdaterte digitale ferdigheiter.
God kommunikasjons- og relasjonskompetanse.
Fleksibel og god lagspelar.
Tydeleg engasjement for eleven.
Du må kunne identifisere deg med og bli motivert av skulen sitt formål og aktivt vere med å fremme det kristne grunnlaget skulen har, slik det er uttrykt i skulen sine grunnlagsdokument.
Stillinga er vurdert til å vere omfatta av unntaksbestemmingane i likestillings- og diskrimineringslova § 9 og § 30, 3. ledd. Søkjaren sitt forhold til kristen tru og skulen sitt livssynsgrunnlag vil derfor være eit av tema på intervju og inngå i den totale vurderinga ved tilsetjing. Gyldig politiattest må leggjast fram.
Send inn søknadsskjema og CV via www.duf.no, på e-post til cato.risoy@danielsen-skoler.no eller pr. post til: Danielsen Ungdomsskule Frekhaug, Holtermandsvegen 3, 5918 Frekhaug
Søknadsfrist: 12.10.25
Ta gjerne kontakt med rektor Cato Risøy på tlf. 47 46 38 01, eller på e-post cato.risoy@danielsen-skoler.no om du har spørsmål.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Danielsen ungdomsskule Frekhaug (DUF) er ein kristen friskule med 180 elevar og vel 30 tilsette. Danielsen-skulane er tilknytt Egill Danielsen Stiftelse og er ein del av ein friskulebevegelse som har drive skule sidan 1932. Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband står i dag bak skulane. Skulen held til i nytt skulebygg sentralt på Frekhaug.
- Sektor: Privat
- Sted: Holtermandsvegen 2A, 5918 Frekhaug
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærar, lærarstilling, kontaktlærar, engelsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 429763232
- Sist endret