Bygningsvernkonsulentar
STIFTINGA HARDANGER OG VOSS MUSEUM
- Frist 24.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Ser du føre deg å bidra til at fleire historiske bygningar blir tekne vare på?
Hardanger og Voss museum har ledig to stillingar som bygningsvernkonsulent – ei stilling ved Hardanger folkemuseum og ei stilling ved Voss folkemuseum.
Som bygningsvernkonsulent følgjer ein opp og gjennomfører aktivitetar knytt til bygningsvern både ved museet, i kommunane og regionalt. Hardanger og Voss museum har mange historiske bygningar, og er regional læringsarena for bygningsvern. Stillingane som bygningsvernkonsulent byr på ein variert og sjølvstendig kvardag der du vil arbeida tett med dei ulike tilsette i museet, frå konservatorar til handverkarar, samt eigarar av freda og verneverdige hus og tilsette i forvalting i kommune og fylkeskommune. Stillingane som bygningsvernkonsulent rapporterer til dei to avdelingsleiarane ved høvesvis Voss folkemuseum og Hardanger folkemuseum.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:
Vera rådgjevar i høve bygningane Hardanger og Voss museum forvaltar
Vera rådgjevar til kommunar og innbyggjarar når det gjeld verneverdige og freda bygg
Gje råd om søknadsskriving, dokumentasjon m.m. i høve restaurering og vedlikehald av bygg i regionen
Bidra til formidling og auka interesse for bygningsvern
Halda seg oppdatert på utviklinga innanfor feltet og delta i relevante nettverk og forum
Samarbeid og koordinering med dei andre bygningsvernkonsulentane i Vestland
Dei som vert tilsett må rekna med ein del reiseverksemd i kommunane og regionen
ØNSKA KVALIFIKASJONAR:
Relevant høgare utdanning er ynskjeleg, til dømes arkitektutdanning, bygningsvernfag, kulturhistoriske fag
Kjennskap til byggeskikk, bygningshistorie, arkitekturhistorie og teknisk dokumentasjon
God digital kompetanse
Gode språkkunnskapar i nynorsk og engelsk. Nynorsk er arbeidsspråket.
Søkjar må ha førarkort for bil
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
Utviklingsorientert med stor fagleg interesse og engasjement
Initiativtakar med god gjennomføringsevne
Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
Gode samarbeidsevner og god serviceinnstilling
Bygningsvernkonsulent for Hardanger har oppmøtestad på Hardanger folkemuseum på Utne.
Bygningsvernkonsulent for Voss har oppmøtestad på Voss folkemuseum.
Hardanger og Voss museum kan tilby spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap.
Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna.
Museet har gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
FerdigheterBeta
- Arkitekturhistorie
- Bevaring av bygninger
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjon
- Kommunikasjonsevner
- Kunnskap om norsk byggeskikk
- Teknisk dokumentasjon
Om arbeidsgiveren
Hardanger og Voss museum er eit regionmuseum der m.a. bygningsvern og immateriell kulturarv står sentralt. Gjennom fagleg arbeid og stort engasjement er målet vårt å vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Museet har om lag 70 årsverk.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Museumsvegen 36, 5778 Utne
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging, Konsulent, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
historiske bygningar, museum, byggeskikk, arkitekt, bygningsvern
Museumstunet Utne, foto Elisabeth Emmerhoff (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 428930624
- Sist endret
