Customer Sucess Manager Watermoon
Eide Fjordbruk
- Frist 12.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer ein Customer Sucess Manager som ser moglegheiter, skaper verdi og driv utvikling der andre ser grenser!
Watermoon jobbar kontinuerlig for å verte bransjestandarden. Me søkjer ein Customer Sucess Manager som ser moglegheiter, skaper verdi og driv utvikling der andre ser grenser.
Som Customer Success i Watermoon vil du vere ein nøkkelperson for å sikre at strategi blir til handling. Du vil aktivt jobbe med å lukke avtalar, byggje relasjonar og skapa verdi gjennom Watermoon plattforma.
Eksempel på arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
Bygge og utvikle langsiktige, sterke relasjonar med kundar, og sørgje for at dei får full verdi gjennom heile samarbeidet.
Drive aktiv oppfølging av kundar, støtte dei i implementeringa av løysingar og sikre at behova deira blir møtt på best mogleg måte.
Arbeide med salgsprosessar, bidra til lukking av avtalar og sikre at kundane forstår korleis Watermoon kan løyse deira utfordringar.
Gjennomføre marknads-, kunde- og konkurrentanalysar for å identifisere nye moglegheiter og område for forbetring.
Ta del i strategiske vurderingar på tvers av organisasjonen for å sikre heilskapleg vekst og suksess for både selskapet og kundane.
Føre dokumentasjon og lage oppfølgingsplanar som sikrar god kommunikasjon og effektivt samarbeid.
Rolla vil krevje fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og reiseverksemd. Du vil ha kontorplass både på vårt hovudkontor i Hålandsdalen og på kontoret vårt i Bergen.
Kven er du?
Me ser etter ein erfaren seljar som kan ta ansvar for sal og forretningsutvikling, men som også er motivert for å arbeide operativt med kundehandsaming og oppfølging. Rolla vil utvikle seg i takt med Watermoon, og du vil få meir ansvar og moglegheiter. For å lykkas i denne rolla må du vere ein kommersiell pådrivar som tek initiativ og som har tru på visjonen.
God forståing for salgsprosessar, med evne til å setje strukturerte mål og utvikle strategiar.
Du har sterk gjennomføringskraft – du tek ansvar og sikrar at oppgåver blir løyste.
Framifrå kommunikasjonsevner både på norsk og engelsk.
Evne til å arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig.
Du er utadvendt, har evna til å skape sterke relasjonar og samarbeide godt.
Teknisk forståing, samstundes som du har eit kommersielt tankesett.
Kvifor Watermoon?
Ei sentral rolle i eit framtidsretta og vekstorientert selskap.
Spanande utfordringar og gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Konkurransedyktige vilkår.
Din kompetanse og ditt bidrag vil vere svært viktig for verksemda si vekst og drift i framtida. Du vil bli ein del av ei verksemd som tør å satse både på visjonar og folk. Me har eit motto "det viktigaste er å ha det gøy".
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: CSO Maria Danielsen: maria.danielsen@efb.no eller HR- leiar Mari Lundal: mari.lundal@efb.no
Søk i dag om du vil ta del i å revolusjonere havbrukssektoren til det beste for fisk, folk, fjord og framtid!
FerdigheterAI-generert
- Customer Relationship Management (CRM)
- Dokumentasjon
- Forretningsutvikling
- Markedsanalyse
- Salgsprosess
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: 5052 Bergen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Løsningssalg, Salg
Nøkkelord
customer success, salgsprosessar, forretningsutvikling, relasjonsbygging, kommunikasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 428893231
- Sist endret