Inspisient
Det Norske Teatret
- Frist 5.10.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ledige vikariat som inspisient på Det Norske Teatret!
Vi har to ledige vikariat fram til sommaren 2026 – eitt med oppstart i november og eitt i januar. Det kan vere moglegheit for forlenging.
Inspisient
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva til inspisienten er å vere administrativ leiar av prøvar og framsyningar. Inspisienten er bindeleddet mellom administrasjonen og teknisk/kunstnarleg personale på dei produksjonane som hen blir tildelt, og skal sørge for at praktisk framdrift i produksjonen blir halden.
Utdanning og erfaring
Høgare utdanning og/eller relevant erfaring frå teater
Erfaring som teaterinspisient på større produksjonar vil bli vektlagt
God skriftleg og munnleg språkkjensle
God datakunnskap
Personlege eigenskapar
God forståing for teaterproduksjon og kunstnarlege prosessar
Sjølvstendig og strukturert
Løysingsorientert, allsidig, lærevillig
Robust og evne til å bevare roen, sjølv i krevjande situasjonar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein ansvarsbevisst og innovativ person med gode samarbeidsevner. Du må kunne utarbeide praktiske løysingar innanfor gitte rammer i eit hektisk miljø, og ha evne til å takle raske omstillingar.
Vi tilbyr
Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
Gunstig ferieordning
Lønn etter tariff
Som inspisient følgjer du prøvar og framsyningar for tildelte produksjonar. Arbeidstida vil variere mellom dag og kveld på vekedagane, og i helga når det er framsyningar.
Arbeidsstaden for inspisienten vil variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater i Oslo eller på turne.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.
Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Utøvende kunst
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
inspisient, teater, løysingsorientert, robust
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 428597009
- Sist endret