Bartender
Hotel Union Geiranger
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein dyktig og engasjert bartender til barteamet vårt!
Vi søkjer ein engasjert bartender til hotellbaren på Hotel Union Geiranger!
Baren er ein sentral del av konseptet vårt og ein sosial møteplass for gjestane våre – frå enkle lunsjserveringar til pre-dinner cocktails og kveldsdrinker. Vi legg stor vekt på kvalitet, gode smaksopplevingar og ekte service, noko vi ønskjer å vidareføre gjennom dyktige medarbeidarar bak bardisken.
No ser vi etter deg som trivst med å skape hygge, levere god service og servere drikke med stoltheit – midt i verdas vakraste omgjevnader.
Kvalifikasjonar:
Du har erfaring frå bar eller servering.
Du er serviceinnstilt, blid og effektiv.
Du har interesse for drikkevarer og gjerne kunnskap om cocktailar.
Du snakkar skandinavisk eller engelsk.
Arbeidsoppgåver:
Servering av drinkar bak bar og ute blant gjester.
Lage drinkar, cocktails og kaffidrikkar etter meny og gjestens ynskje.
Følgje lover og retningslinjer for alkoholhandtering og trygg servering.
Bidra til ein god atmosfære og serviceoppleving for gjestane våre.
Ansvar for orden, reinhald og oppfylling i baren.
Kassehandtering.
Bidra til eit triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Varierte arbeidsdagar og tett kontakt med både norske og internasjonale gjestar.
Gode moglegheiter for utvikling og ansvar
Personalbustad etter avtale.
Lønn etter avtale.
Fantastisk natur, unike opplevingar – og kanskje verdas finaste arbeidsutsikt.
Ein spennande arbeidsplass i verdsarvbygda Geiranger.
Ferdigheter
- Bar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Hotellet vart opphavleg bygd i 1891 i tradisjonell dragestil/sveitsarstil. Familien Mjelva overtok drifta i 1899 og har gjennom generasjonar utvikla hotellet til det det er i dag – eit moderne hotell med kurs- og konferanseavdeling, spa, basseng, nattklubb og unike opplevingar for gjestane våre.
Hotellet blir no drive av fjerde generasjon vertskap, Monja og Sindre Mjelva, som vidarefører den sterke Union-atmosfæren med fokus på kvalitet og service.
- Sektor: Privat
- Sted: Geirangervegen 100, 6216 Geiranger
- Bransje: Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Bartender
Nøkkelord
hotell, cocktails, kveldsdrinker, kvalitet, bartender
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 428449946
- Sist endret