Tilkallingshjelp
KFUK-KFUM Norge
- Frist Snarest.
- Ansettelsesform Engasjement
KFUK-KFUM Øygarden søker tilkallingshjelp
KFUK-KFUM Øygarden søkjer ein omsorgsfull, sjølvgåande, utadvendt og beslutningsdyktig medarbeidar som ønskjer å bidra til fellesskap og gode kvardagar for barn, ungdom og familiar. Vi ser etter deg som tek ansvar og arbeider strukturert - både sjølvstendig og i team.
Arbeidstid:
- Arbeidstida vil vere varierande etter behov.
Open Barnehage
Open Barnehage er eit lågterskeltilbod for familiar i Øygarden. Her kjem barn saman med ein føresett dei dagane det passar, utan behov for fast plass. Tilbodet gir støtte i foreldrerolla og bygg fellesskap gjennom leik, samtale, måltid og song.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i det pedagogiske og praktiske arbeidet, eventuelt også planlegging av aktivitetar
- Vere til stades i leik og samtale med born og føresette
- Førebu og servere lunsj, samt rydde og vaske etter opningstid
- Leie songstunder og bidra til eit varmt og inkluderande miljø
MåndagsMiddag og Lukas
Som tilkallingshjelp i KFUK KFUM får du også muliget til å ta del i to av våre fellesskapstilbod:
- MåndagsMiddag- ein ettermiddag der familiar samlast til måltid, leik, høgtlesing og fellesskap.
- Lukas - ungdomstilbod med aktivitetar som Ten Sing, dans, gaming, drama, action og sosialt fellesskap.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar som fremjar trygge fellesskap
- Følgje opp deltakarar, frivillige og ungdomsleiarane
- Lage mat og leie aktivitetar, leik og song
- Bidra til å oppdatere medlemsliste og system
Til denne stillingen ser vi etter deg som:
- Har engasjement for barn, ungdom og familiar
- Er fleksibel og kan møte opp som tilkallingshjelp ved behov.
- Er trygg og trivst i ein mangfaldig arbeid.
- Kommuniserer godt på norsk og engelsk
Vi tilbyr:
- Eit meiningsfullt arbeid i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Løn i høve til tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Personleg dugleik vil verte tillagt vekt. Gyldig politiattest må leggjast fram. Søkjarar må identifisere seg med KFUK-KFUM Noreg sitt føremål, kristne profil og verdiar. Vi ser fram til å lese CV og søknaden din.
KFUK-KFUM ønskjer tilsette med ulik bakgrunn og erfaring. Vi trur at mangfald gjer oss betre og styrkjer arbeidet vårt for barn og unge. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte søkjarar til å søkje - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, legning eller bakgrunn.
FerdigheterAI-generert
- Anvende mattilberedningsteknikker
- Lage lunsj
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som kjempar for unge menneske sin rett til å leve og utvikle seg som heile menneske. Vi er ein del av YWCA (Young Women's Christian Association), som er verdas største kvinnebevegelse, og YMCA (Young Men's Christian Association), som er verdas største ungdomsrørsle.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: 5353 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Annet, Barnehageassistent, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
Lukas, Open barnehage, Øygarden, KFUK-KFUM
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427810403
- Sist endret