Produksjons- og distribusjonssjef
Elis Norge AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og drifte og utvikle ein av dei viktigaste arbeidsplassane i regionen?
Kven er vi, og kva står vi for?
I Elis tilbyr vi kundane våre å leige reine tekstilar og hygieneprodukt framfor å kjøpe, vaske og vedlikehalde dei sjølve. Slik gir vi verksemder fridomen til å fokusere på si kjerneverksemd, med ein berekraftig og ansvarleg tilnærming. Gjennom meir enn 75 år har vi utvikla ein sirkulær forretningsmodell, som står sentralt i vår forplikting til berekraft. Vi kontrollerer heile verdikjeda, frå produksjon til levering, og sikrar full sporbarheit og effektivitet. Med bruk av avansert chip-teknologi har vi full oversikt over alle tekstilane våre, noko som gjer at vi kan spore kvar enkelt t-skjorte frå den blir brukt første gong til den blir sendt til gjenvinning.
Elis Volda er det minste av dei seks produksjonsanlegga våre i Noreg, men dekkjer likevel eit stort geografisk område, og leverer matter, arbeidstøy og hygieneprodukt til mange ulike kundar i regionen. No ser vi etter deg som kan ta ansvar for både folk, flyt og framdrift – som vår nye produksjons- og distribusjonssjef. I Volda er vi 11 medarbeidarar totalt: tre i produksjonen, fem på vegen, to på kundeservice og ein general manager. Du blir nummer 12, og éin av to i den lokale leiargruppa.
Kva inneber rolla?
Som produksjons- og distribusjonssjef får du totalansvaret for den operative drifta på anlegget i Volda, inkludert personalansvar, produksjonsleiing, distribusjonskoordinering, lager og logistikk. Du vil ha det overordna ansvaret, men òg ei aktiv rolle i det daglege. Dette er ei rolle som krev tilstadevering, tydelegheit og fleksibilitet, og som i gjengjeld byr på stor påverknadskraft og varierte arbeidsdagar.
Miljøet på anlegget i Volda er engasjerande og allsidig. Det betyr at du må trivast med varierte arbeidsdagar på ulikt nivå, anten det er rapportering til konsernet, eller å hjelpe til med å brette arbeidstøy i produksjonen.
Du vil samarbeide tett med general manager på anlegget, og vere ein aktiv del av anleggets leiargruppe. I tillegg deltek du i produksjons- og distribusjonsnettverk på tvers av Elis sine anlegg i Noreg, der de støttar kvarandre, definerer best practice og får fagleg påfyll.
Oppsummert, går rolla ut på:
Leiing og utvikling av teamet, som består av 8 medarbeidarar: 3 i produksjonen og 5 sjåførar. Du følgjer opp, set tydelege mål, sikrar god kommunikasjon og byggjer ein kultur prega av tryggleik, stabilitet, meistring og prestasjon.
Ansvar for lager, logistikk og tekstilar. Du følgjer med på tekstilbehaldninga, sikrar god flyt og arbeider for berekraftig utnytting av produkta vi leiger ut.
Produksjonsansvar: Du sørgjer for god produksjonsplanlegging, at maskinparken blir halden i god stand, og at alt frå opplæring til bemanning og innkjøp av innsatsfaktorar går saumlaust. Og du må rekne med å ta del i produksjonen sjølv når det trengst – her sit vi ikkje på gjerdet når noko må gjerast.
Distribusjonsansvar: Du planlegg rutene, tildeler dei til sjåførane, følgjer opp bilparken og sørgjer for at sjåførane har det dei treng for å levere i tide, med kvalitet og service i fokus.
Forbetringsarbeid: Du arbeider kontinuerleg for å forbetre prosessar og rutinar – og er ikkje redd for å stille spørsmål ved “slik har vi alltid gjort det”.
Bidrag til avdelinga si heilskaplege utvikling: Saman med general manager er du ein del av den lokale leiargruppa. Du deltek i møte, samarbeider om felles mål og bidreg til at avdelinga vår lukkast
Noko reiseverksemd må reknast med.
Kven er du?
Vi ser for oss at du har arbeidserfaring frå produksjon, logistikk og/eller drift, og gjerne har hatt ansvar for andre menneske tidlegare. Du likar å skape orden og struktur, og får energi av å løyse utfordringar som oppstår din veg. Du trivst når det skjer mykje og arbeidsdagane varierer, og har ei naturleg evne til å byggje tillit og tryggleik i teamet.
Vidare er du ein person som likar å utvikle menneske for å lukkast saman, men òg er den første til å steppe inn når det trengst. Du stiller krav til dei rundt deg, men ser òg den einskilde sitt behov og er oppteken av å byggje gode relasjonar. Du er praktisk, lærevillig og god til å prioritere, og du veit at det å ta vare på folk er noko av det viktigaste ein gjer som leiar.
Vi ser etter deg som:
Har operativ erfaring frå produksjon, logistikk og/eller drift
Har hatt noko personalansvar, eller er klar for å ta det steget
Er trygg, strukturert og har evne til å skape framdrift, òg i travle periodar
Har gode IT-kunnskapar og erfaring med å arbeide i digitale system
Blir motivert av å utvikle andre og byggje gode team
Har gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Har førarkort klasse B. Har du ytterlegare førarkortklassar, er det eit pluss
Kva kan vi tilby?
Ein spennande og lærerik jobb i eit trygt og anerkjent selskap
Eit positivt arbeidsmiljø med god lokal kultur der vi heiar på kvarandre
Gode moglegheiter for utvikling internt
God opplæring og støtte frå teamet
Tilsettegode som firmahytte på Trysil og i Hemsedal, helseforsikring og treningsstøtte
Søknader blir behandla fortløpande.
Ferdigheter
- Behersker IT-/datasystemer
- Digitale ferdigheter
- Distribusjon av varer
- Drifte og optimalisere produksjonslinjer
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Lagerhold
- Logistikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Elis er marknadsleiande i Europa innan tekstil, hygiene og facility service. Vi er representerte i 30 land i Europa, Latin-Amerika og Asia, og med 55 000 dedikerte medarbeidarar leverer vi tenester til om lag 400 000 kundar rundt om i verda. I Noreg har Elis hovudkontor i Oslo og drifts einingar i Oslo, Herbergåsen, Skien, Bergen, Trondheim, Sandnes, Kristiansand, Volda og Drammen. Selskapet har 470 tilsette og omset for om lag 880 millionar.
- Sektor: Privat
- Sted: Furene 34, 6105 Volda
- Bransje: Industri og produksjon, Tekstil, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Logistikk og lager, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
produksjon, distribusjon, leiar, tekstilar, Elis
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427657713
- Sist endret