Sjukepleiar eller vernepleiar i Røyrvika omsorgsbustadar
Time kommune
- Frist 12.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar eller vernepleiar
På jakt etter ein jobb med store variasjoner i arbeidsoppgåver? Søk jobb i Røyrvika omsorgsbolig.
Me har ledig fast 100 % stilling i turnus med arbeid kvar 3.helg (dag/kveld) eller kvar 4.helg med
langvakter for sjukepleiar eller vernepleiar. Oppstart etter avtale.
Røyrvika har 22 samlokaliserte omsorgsbustadar. Det er to personalbasar. Røyrvika er organisert under
avdelinga Psykisk helse og rusarbeid. Røyrvika har bebuarar med ulike ressursar og utfordringar og vi gjev
tenester til brukarar med ulike fysiske og psykiske hjelpebehov. Fleire har samansette helsebehov og
mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgsteneser.
Røyrvika har per dag dato ca. 30 årsverk fordelt på ca. 60 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgtenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskravog lovverk
- Ansvarsvakt
- Primær/sekundæransvar
- Sikre eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidsparter
- Ansvar for legemiddelhandtering
- Yta nødvendig helsehjelp og praktiske oppgåver
- Bidra til fagleg utvikling av tenesta
- Sjå behov for utvikling og endring hos brukarane
- Fagleg rettleiing av tilsette og studentar
- Fagleg kompetanseheving og utvikling
- Skapa tryggheit og gode relasjoner
- Dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar, Profil.
Kvalifikasjonar
- God muntleg og skriftleg norsk- Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Er interessert i ny lærdom og er engasjert i faget ditt
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Me legg vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid på tvers av faggrupper til det beste for
beboeren
- Det er krav om politiattest og norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Grunnleggende sykepleie
- Kvalitetskrav
- Medisinsk hjelp
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 3a, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427612209
- Sist endret