Vil du jobbe som rådgjevar byggesak - midt i hjarta av Vestland ?
Voss herad
- Frist 07.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar byggesak
Me søkjer etter ein engasjert og strukturert person som vil vere med å utvikle bygda vidare. Me søkjer etter ein rådgjevar innan byggesak som vil bidra til god, effektiv og rettstrygg sakshandsaming og til open og konstruktiv dialog med innbyggjarane våre. Stillinga er fast, 100% med moglegheit for oppstart frå november 2025.
Byggesak har 5 stillingar og er ein del av byggesak og næring, organisert under kommunalavdeling for tekniske tenester. Heradet har for tida høg aktivitet innan sentrumsutvikling, reiseliv, bustadbygging og næringsutvikling. noko som gir ein variert og spanande sakstilgang.
Me tilbyr
- Eit inkluderande og skapande arbeidsmiljø
- Eit fagleg sterkt og sosialt miljø
- Gode vilkår for fagleg utvikling og kompetansebygging
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege, kommunale vilkår
- Fleksibilitet i arbeidsdagen
- Nærleik til natur, kultur og folk
Arbeidsoppgåver ved avdelinga
- Handsaming av byggje- og delesøknadar etter plan og bygningslova
- Rettleiing og oppfølging av søkjarar og publikum
- Seksjonering og matrikkelføring
- Handsaming av klagesaker
- Tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak mm
- Førebuing av saker til politisk sakshandsaming
Me ynskjer at du har
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, særleg innan juss eller eigedomsfag
- God røynsle innanfor plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- Gode samarbeidsevner
- God kjennskap til plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning
- Me legg vekt på personlege eigenskapar, og ser etter ein sjølvstendig, motivert og fleksibel medarbeidar som er løysingsorientert.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me
oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
FerdigheterAI-generert
- Bustadoppføringslova
- Juss
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Plan- og reguleringsloven (Byplanlegging)
- Saksbehandling i byggesaker
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Uttrågata 9, 5700 Voss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
offentleg, administrasjon, jurist, eigedomsfag, eiendomsfag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427367088
- Sist endret