Sommarjobb / Internships 2026
Sognekraft
- Frist 27.10.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Fornybar energi, nettverk og Sogn på sitt beste – bli med på Camp Sognekraft!
Er du student og på jakt etter ein sommarjobb som gir deg både fagleg utvikling og unike opplevingar? Har du lyst til å bidra til framtidas løysingar innan fornybar energi – og samtidig oppdaga alt det fantastiske Sogn har å by på? Då er Camp Sognekraft plassen for deg!
Kven ser vi etter?
Me ser etter fire engasjerte studentar frå ulike fagfelt, til dømes innanfor teknologi og ingeniørfag, økonomi eller realfag. Du må like å kaste deg ut i nye utfordringar, ta initiativ og trivast med varierte oppgåver. I søknaden din vil me gjerne lese kvifor nettopp du bør bli vald til dette prosjektet.
Når: 22. juni – 31. juli 2026 (veke 26-31)
Stad: Sogndal. Me stiller med bustad og bil til disposisjon.
Søknadsfrist: 27. oktober 2025
Kva er Camp Sognekraft?
Energiselskapet Sognekraft er ein sentral kompetansearbeidsplass i Sogn. Camp Sognekraft gjev studentar eit ekte innblikk i arbeidslivet i eit moderne energikonsern. Dette er ikkje ein vanleg sommarjobb – her får fire studentar ta del i reelle prosjekt og utfordringar innan fornybar energi. Oppgåvene vert tilpassa bakgrunnen deira, og resultata gir oss verdifull innsikt i møte med framtidas krav til energi, teknologi og berekraft.
Gjennom opphaldet får du tett rettleiing frå erfarne fagfolk, og du får sjå kraftverk og nettanlegg på nært hald. Kombinasjonen av praksis og prosjektarbeid gir deg både innsikt og erfaring som kan bli gull verdt vidare i studia – og i karrieren.
Fritid og sosiale aktivitetar
Sogn er som skapt for å utforskast! Du får bustad midt i Sogndal sentrum, og me legg til rette for sosiale aktivitetar gjennom Sognacamp (sognacamp.no) der du blir kjent med andre ungdommar som har sommarjobb i Sogn. På fritida kan studentane nytte eigen felles bil til å oppleve fjell, fjordar og Jotunheimen som ligg berre ein god time unna. Som høgdepunkt rundar vi av Camp Sognekraft med festivalpass til ein lokal festival.
Som del av campen får du også vera med på Sognacamp - eit unikt konsept lansert i 2025 der lokalt næringsliv i Sogn har gått saman for å tilby ei spektakulær ramme på fritida for sommarjobbstudentar, med sosiale aktivitetar, utfluktar og kjekke begivenheitar. Dei organiserer aktivitetar, der vekedagane byr på enkle og lågterskel tilbod, medan helgane er sett av til større opplevingar. Du får sjansen til å bli kjend med andre unge sommervikarer, bygge nettverk og oppleve alt det Sogn har å by på.
Verdas beste sommarjobbar finn du i Sogn - søk Camp Sognekraft 2026!
FerdigheterAI-generert
- Fornybare energiteknologier
- Forvaltningskompetanse
- Kunnskap om teknologi
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar – og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Analyse, Ingeniør, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
NTNU, internship, sommerjobb, teknologi, elkraft
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427231140
- Sist endret