IT-konsulent, ein fast stilling og eitt årsvikariat, begge 100%
IKT Nordhordland KO
- Frist 3.10.2025
- Ansettelsesform Fast
IT-konsulent IKT Nordhordland
Ein viktig del av arbeidet som IT-konsulent i IKT Nordhordland er å hjelpa brukarane i kommunane våre med IT-utfordringar. Du skal snakka med dei og forstå dei, frå dei mest rutinerte brukarar til dei som knapt har brukt ein PC eller smarttelefon. Du må kunna bruka dei gode praktiske ferdigheitene dine til å løysa problema dei opplever. I andre tilfelle må du finna ut av problema sjølv, t.d. ved feilsøk i nettverk eller på lokale serverrom.
I stillinga som IT-konsulent må du ha førarkort i klasse B, og du må rekna med litt reising innafor kommunane som er med i IKTNH.
Vi ønskjer at du har:
· God kunnskap om og interesse for IT
· Evne til å arbeida strukturert og målretta
· God kommunikasjonsevne
· God tålmodighet og godt humør
· Erfaring frå arbeid i tilsvarande stilling er ønskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
· Relevant utdanning på bachelornivå er ønskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
Vi kan tilby:
· Løn etter avtale
· Godt arbeidsmiljø, i gode og moderne lokale i Knarvik
· Gode utviklingsmulegheiter i eit kompetanserikt miljø
· Ein framoverlent organisasjon i sterk vekst
· God pensjonsordning i KLP
Vikariatet kan verta forlenga eller omgjort til fast stilling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
IKT Nordhordland er eigd av 12 kommunar, frå Sveio i sør til Gulen i nord og Aurland i aust, og har ansvar for anskaffing, forvaltning og drift av alle it-system i desse kommunane.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hagellia 6, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: IT
- Stillingsfunksjon: Konsulent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
it konsulent, brukarstøtte
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427204509
- Sist endret