Barnevernkonsulent i barneverntenesta
Stryn Kommune
- Frist 29.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Barnevernkonsulent
Då ein av våre trufaste medarbeidarar går av med pensjon, har barneverntenesta i Stryn ledig 100% fast stilling.
Barnevernet er organisert i helse- og sosialetaten. Barnevernleiar har kommunalsjef som næraste leiar og det er knytt 7 årsverk til tenesta.
Barneverntenesta jobbar etter generalist modellen, som betyr at ein følgjer saka frå bekymringsmelding til oppfølging av tiltak. Barneverntenesta i Stryn har eige tiltaksteam som jobbar med systematisk foreldrerettleiing.
Arbeidsoppgåver:
Sakshandsaming etter Lov om barnevern som blant anna inneber:
Mottak, vurdering og behandling av bekymringsmeldingar
Undersøking
Barnevernfaglege vurderingar og analyser
Valg og oppfølging av tiltak
Gjennomføre tverretatlege samarbeidsmøter
Fosterheims- og institusjons arbeid
Samtalar med barn, foreldre og samarbeidspartnarar
Generelt førebyggjande arbeid som å delta i ulike tverrfaglege forum.
Det er forventa at ein deltek i utviklingsfremjande tiltak i tenesta
Ein må rekne med noko ettermiddag/kveldsarbeid.
På sikt inngå i barnevernvakt ordninga
Kvalifikasjonar:
Sosialfagleg høgskuleutdanning, primært barnevernpedagog
Erfaring frå barnevernsfeltet er ønskjeleg
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
God skrifteleg framstillingsevne
Førarkort og disponere bil
Personlege eigenskapar:
Evne til å jobbe i eit hektisk arbeidsmiljø.
Er fleksibel
Evne til å byggje relasjonar til målgruppa ved å møte barn, unge og foreldra med varme og respekt.
Vere løysingsorientert
Evne til å strukturere og gjennomføre eigne arbeidsoppgåver
Evne til å sjå barn og unge i deira heilskaplege situasjon
Vi tilbyr:
Kontorplass i kommunesenteret
Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
Ekstern og intern rettleiing
Løn etter tariff
God pensjonsordning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Høge fjell, fjord, isbrear, elvar og vatn i djupe grøne dalar innbyr til aktivitetar og attraksjonar i verdsklasse.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tonningsgata 4, 6783 Stryn
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnevernkonsulent, barneverntenesta
Annonseinformasjon
- FINN-kode 426504098
- Sist endret