Overlege
Helse Fonna HF
- Frist 06.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdeling for Rus og Avhengighet (ARA) søkjer overlege!
Me søkjer overlege - psykiater/spesialist i rus og avhengigheitsmedisin som:
- har eit brennande engasjement for faget.
- ynskjer å gje pasientane eit heilskapleg behandlingstilbod.
- vil ha ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene våre i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
- vil bidra til å utdanne fleire spesialistar i Rus- og avhengigheitsmedisin.
Ved interesse for forsking kan ein få moglegheit til å delta i forskningsrelaterte aktivitetar, inkludert artikkelskriving.
Det er fleire moglegheiter for å fullføra spesialistoppgåve innanfor pågåande forsking og det kan drøftast moglegheiter for å søka midlar til PhD innanfor potensielt aktuelle prosjekt.
Avdeling for Rus og Avhengighet/TSB er eit felt det satses på og me legg til rette for gode betingelsar.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostikk og behandling
- Samarbeid rundt pasientar, internt og eksternt
- Bidra i fagutviklingsarbeid
- Rettleiing og undervisning både internt og eksternt
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Spesialist i Rus- og avhengighetsmedisin
- Spesialist i psykiatri
- Ønskeleg med erfaring fra arbeid med rus-/og avhengighet
- Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er engasjert i faget og det beste for pasientane
- bidreg aktivt i samarbeid og teamarbeid
- formidlar kunnskap på ein klar og engasjerande måte
- arbeider strukturert og tar sjølvstendige avgjerder
Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen.
Kvifor skal du velje oss?
- Me legg til rette for kurs og vidareutdanning
- Moglegheit for deltagelse i prosjekt, kvalitetsutvikling og forskning
- Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
For å kunne vurdera fortrinnsrett til stilling må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
FerdigheterAI-generert
- Addiction psykiatri
- B2 norsk språkprøve
- Bergenstesten
- Diagnostikk
- Pasientbehandling
- Psykiatri
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege, Psykiater
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Overlege, psykiater, rus, avhengighet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 426253414
- Sist endret