Saksbehandlar
Barneverns- og helsenemnda
- Frist 30.09.2025
- Ansettelsesform Fast
Saksbehandlar i Barneverns- og helsenemnda i Vestland
Om stillingen
I Barneverns- og helsenemnda i Vestland er det ledig ei fast stilling som saksbehandlar i 100 %.
I nemnda i Vestland er det sju nemndleiarar og tre saksbehandlarar. Nemnda er leia av ein daglig leiar. Kontorstad er i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Generell administrativ saksbehandling i nemnda i Vestland, knytt til berammingar, oppnemningar, praktisk tilrettelegging av nemndsmøte og dokumenthandsaming
- Ansvar for arbeid innan IKT
- Resepsjons- og sentralbordtenester
- Leiarstøtte ved behov
- Økonomioppgåver, inkludert salæroppgåver, honorar og reiserekningar, budsjett m.m. i eiga nemnd og på vegner av andre nemnder eller Sentralenheten må påreknast
Noko reiseverksemd må påreknast - Andre kontoroppgåver
Barneverns- og helsenemnda er i utvikling, og endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor. Relevant arbeidserfaring og/eller fagbrev kan kompensere for manglande utdanning. Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang og relevant erfaring frå liknande arbeid
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar og god formuleringsevne, skriftleg og munnleg
- Relevant erfaring frå administrativt arbeid, gjerne frå offentleg sektor
- God økonomiforståing knytt til statleg verksemd vil være en fordel
Ein må kunne handsame informasjon som er underlagt teieplikt.
Personlege eigenskapar
For å fylla rolla som behandlar ser me etter deg som:
• Fleksibilitet i arbeidshverdagen
• Gode samarbeidsevner
• Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
• Vilje og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlige eigenskapar blir tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei 100 % fast stilling som førstekonsulent, stillingskode 1408
- Løn etter statens regulativ, i spennet 520.000 - 580.000,- per år. Innskot til Statens pensjonskasse på 2 % blir trekt frå løna
- Varierte arbeidsoppgåver på et interessant og viktig fagfelt
- Fagleg utvikling
Slik søker du
For nærmare opplysningar om stillinga, kontakt daglig leder: Torstein Røed tlf 95 88 38 70
Elektronisk søknad må sendast innan 30.september 2025 via www.jobbnorge.no. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må leggjast inn i det elektroniske skjemaet, og vitnemål og attester må leggast ved. Jobbnorge-id:
Barneverns- og helsenemnda meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Me oppmodar søkjarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
I samsvar med offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Me kontaktar deg dersom ønskte ditt ikkje blir teke til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Administrative arbeidsassistanse
- Betjene sentralbord
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Generell offentlig administrasjon
- IT prosess
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barneverns- og helsenemnda er eit statleg, uavhengig forvaltningsorgan som har myndigheit til å fatte vedtak i saker om tvang etter barnevernlova, helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova. Nemnda er plassert under Barne- og familiedepartementet og er fagleg og administrativt leia av Sentraleininga for barneverns- og helsenemnda.
Saksbehandling i Barneverns- og helsenemnda skal vere rettferdig, forsvarleg, rask, effektiv og tillitsskapande.
Barneverns- og helsenemnda består av tolv nemnder rundt i landet. Saman med Sentraleininga er det ca. 130 tilsette i verksemda.
Informasjon om Barneverns- og helsenemnda finst på heimesida vår: www.bvhn.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fortunen 7, 4. etg., 5013 Bergen
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 425616919
- Sist endret