Marknadsførar
Luster Sparebank
- Frist 21.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape gode kundeopplevingar i Luster Sparebank?
Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar og banken sitt samfunnsansvar står i sentrum.
Ynskjer du ein variert arbeidskvardag der du kan bidra til nettopp dette? No har me ledig ei spanande stilling der du kan få brukt dine kreative evner på marknadsarbeid!
Me ser etter nokon som blir motivert av å formidle og å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar, og samarbeidspartar vil vere ein viktig del av jobben.
Stillinga vil inngå i banken si marknadsgruppe.
ArbeidsoppgåverSkape ei god kundereise for kundane våre
Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar
Produsere innhald og oppdatere digitale kanalar
Følgje opp sponsoravtalar
Delta aktivt i banken si marknadsgruppe
Vere banken sin representant i relevante samarbeidsforum med andre bankar innan marknadsområdet
Høgare utdanning og/eller relevant erfaring innan marknadsarbeid
God skriftleg framstillingsevne (nynorsk er skriftspråk i banken)
Kjennskap til digital marknadsføring
Me ser etter ein kreativ og løysingsorientert person som brenn for god kommunikasjon der målgruppa står i fokus, både i den digitale og fysiske verda.
Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Me kan tilbySpanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.
Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.
Ferdigheter
- Datadrevet markedsføring
- Kundereise
- Planlegge markedsaktiviteter
- Produsere innhold
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst. Banken har 29 tilsette og har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - «Saman når me måla dine!».
- Sektor: Privat
- Sted: Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Markedsføring og annonsering, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Markedsfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
markedsføring, kundeopplevelser, kommunikasjon, digitale kanaler, markedsarbeid
Bli med oss på laget! (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 425547683
- Sist endret