Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Hjelmeland
Fristen er utløpt

Prosjektleiar – Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS

  • Frist 18.9.2025
  • Ansettelsesform Prosjekt

Vil du vere med å skape framtida i Ryfylke?

Ryfylke IKS søkjer ein engasjert prosjektleiar til satsinga Heim te Ryfylke. Dette er eit prosjekt som skal styrke rekruttering, tilflytting og attraktivitet i regionen.

Om prosjektet

Heim te Ryfylke er ein av hovudsatsingane for rekruttering i Ryfylke. Det er ein digital portal som skal samle kommunar, næringsliv og frivillige krefter for å vise fram regionen som ein stad å bu, arbeide og leve. Prosjektet er ein del av Ryfylke IKS sin strategi for 2025–2030, der rekruttering og mobilitet er nøkkelen til framtidig vekst.

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du få ansvar for å:

  • planleggje, koordinere og drive prosjektet framover

  • utvikle og gjennomføre tiltak for rekruttering og tilflytting

  • søkje om midlar og sikre finansiering av prosjektet

  • jobbe tett saman med dei andre ungdomsprosjekta i Ryfylke IKS

  • byggje nettverk og samarbeid mellom kommunar, næringsliv og frivillige

  • følgje opp økonomi, rapportering og framdrift

  • skape engasjement og synleggjere prosjektet i ulike kanalar

Kven er du?

Vi ser etter ein person som:

  • har erfaring med prosjektarbeid eller utviklingsarbeid

  • har god digital forståing

  • kan skape gode samarbeid og engasjere andre

  • har evne til å formidle og kommunisere klart

  • er sjølvstendig, initiativrik og målretta

  • gjerne har kjennskap til Ryfylke og regionutvikling

Vi tilbyr

  • ei spennande treårig prosjektstilling med moglegheit for fast jobb

  • varierte oppgåver og stor grad av fridom

  • gode heimekontorløysingar kombinert med flotte kontor på Hjelmeland

  • stor fleksibilitet i arbeidstid og i korleis oppgåvene blir løyste

  • gode lønsbetingelsar

  • moglegheita til å setje spor i utviklinga av ein heil region

  • eit sterkt fagleg nettverk i Ryfylke og utover

Praktisk

  • Arbeidsstad: Sande Næringsbygg på Hjelmeland

  • Søknadsfrist: 18/9 2025

  • Kontaktpersonar: Ingrid og Andrea

Om arbeidsgiveren

Hovudmåla til Ryfylke IKS er å

1. Skapa fleire arbeidsplassar og møte kompetansebehov i Ryfylke

2. Gjera regionen meir attraktiv for busetnad og næringsutvikling

3. Bidra til betre mobilitet og tilgang til sentrale funksjonar

4. Fremja samspel mellom kommunane og styrka den regionale utviklinga

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Ryfylkevegen 7040, 4130 Hjelmeland
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Annet
  • Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

prosjektleiar, ryfylke, kommunar, næringsliv, regionutvikling

  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ingrid Roth
  • Stillingstittel: Dagleg leiar
  • Mobil: 90 67 53 01
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Andrea Hebnes Tobekk
  • Stillingstittel: Prosjektutviklar
  • Mobil: 94 89 68 77
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

11 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Ryfylkevegen 7040, 4130 Hjelmeland

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 425434559
  • Sist endret 4.9.2025, 13:07
Rapporter annonse