Styrar/einingsleiar Fister barnehage 100 % fast
Hjelmeland kommune Oppvekst
- Frist 14.09.2025
- Ansettelsesform Fast
Styrar/einingsleiar Fister barnehage 100 % fast
Me har ledig fast stilling som styrar/einingsleiar i Fister barnehage, frå og med 01.10.2025
Er du på jakt etter nye utfordringar? Blir du motivert av utviklingsarbeid og av å lage ein god kvardag for små og store? Då vil me gjerne ha deg som vår styrar!
Opplysningar om stillinga
Styrar/einingsleiar har det faglege og økonomiske ansvaret for barnehagen, og skal jobbe i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, under dette: Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagen, planane til kommunen og andre styringsdokument.
Arbeidsoppgåver
Innanfor si teneste har styrar/einingsleiar:
ansvar for å leie det pedagogiske arbeidet, og følgje opp utviklingsarbeid og planar
ansvar for å utøve god leiing og dagleg drift
personalansvar for alle dei tilsette
budsjett- og økonomiansvar
ansvar for samhandling og medverknad med lokale tillitsvalde og verneombod
ansvar for samarbeid og samhandling med andre aktørar, innanfor og utanfor eigen organisasjon
sikre godt samarbeid med foreldre/føresette
vere ein leiar som bidrar til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø
Kvalifikasjoner
godkjent barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning med barnefagleg og pedagogisk kompetanse
god kunnskap og erfaring innan barnehageområde
leiarerfaring, primært frå tenesteområdet er ønskeleg
det er ønskeleg med relevant leiarutdanning
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
norskferdigheiter jf. barnehagelova § 28
godkjend polititattest
Personlege eigenskapar
gode relasjonelle eigenskapar som underbyggjer inkludering og involvering
effektiv, løysingsorientert og fleksibel
evne til å tenke - og handle ut ifrå ein heilskap som gagnar barnehagen
evne til å lytte, men samstundes kunne ta sjølvstendige avgjersler
evne til å begeistre ved å ta initiativ, motivere og gjennomføre
evne til å leie og gjennomføre utviklings- og omstillingsarbeid
Me tilbyr
lønn etter avtale
gode kollegaer
tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen
Me kan tilby - Hjelmeland kommune
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Småbarnsopplæring
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Styrer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 424366528
- Sist endret