Dagleg Leiar
Stiftinga Drivkraft
- Frist 28.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtida til næringslivet i Sogn og Fjordane?
Då bør du lese vidare!
Drivkraft – Næringsstiftinga for Sogn og Fjordane søkjer ein engasjert og visjonær dagleg leiar. Du får ei unik moglegheit til å stå i spissen for ei nyetablert stifting med eit klart mandat: Å fremje gründerverksemd, nyskaping og verdiskaping i heile regionen.
Drivkraft skal stimulere til omstilling og innovasjon, bygge sterke nettverk og bidra med risikokapital. Gjennom investeringar i nye idear, vekst og vidareutvikling vil stiftinga vere ei drivkraft for innovasjon og næringsutvikling.
Vi søkjer dagleg leiar
Som dagleg leiar i Drivkraft vil du ha ansvar for å leie og utvikle stiftinga i samsvar med føremålet. Du vil utvikle, implementere og følge opp investerings- og utviklingsstrategiar, samt arbeide for å bygge sterke relasjonar og samarbeidsarenaer med næringsliv, offentlege aktørar og innovasjonsmiljø. Du vil vere ein viktig representant for Drivkraft, og jobbe for å styrke stiftinga sin profil og påverknad.
I tillegg vil du ha ansvar for å rapportere til styret og sikre god forvaltning av stiftinga sine midlar og verdiar.
Kven er du?
Vi ser etter ein initiativrik og strategisk leiar. Du har stor gjennomføringsevne og eit sterkt engasjement for regional utvikling. I tillegg til dette har du gjerne:
· Relevant erfaring frå næringslivet, gjerne innan innovasjon, strategi og
næringsutvikling
· Kjennskap til økosystemet for gründerverksemd og verkemiddelapparatet
· God forretningsforståing og evne til å vurdere og følgje opp investeringar
· Erfaring med å utvikle og byggje nettverk, samarbeid og varige relasjonar
· Gode kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr
Vi tilbyr ei nøkkelrolle med stor påverknadskraft for næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Som dagleg leiar vil du jobbe tett på eit dynamisk næringsliv, som gir deg tilgang til eit breitt nettverk av spennande aktørar. Du vil få moglegheit til å bidra til varig verdiskaping i regionen, samstundes som du arbeider nært eit engasjert styre som vil gi deg både fridom og støtte for å lukkast.
I tillegg tilbyr vi konkurransedyktige vilkår og ein fleksibel kontorløysing i regionen.
Er dette ei reise du vil vere med på?
Vi vil gjerne høyre frå deg!
Sønadsfrist er 28.09.2025, og du søker via finn.no
Om du har spørsmål? Styreleiar i Stiftinga Drivkraft, Bjørn Aage Haugen og leiar prosjekt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Lillian Loen høyrer gjerne frå deg!
Om Stiftinga Drivkraft
Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit solid verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Målet med Drivkraft er å vere ei pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.
Bjørn Aage Haugen
Mob : 900 62 256
e-post: bha@stiftingadrivkraft.no
Lillian Loen
Mob: 905 70 484
e-post: post@stiftingadrivkraft.no
Ferdigheter
- Innovasjon
- Nettverksbygging
- Strategiutvikling
Om arbeidsgiveren
Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit solid verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Målet med Drivkraft er å vere ei pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
næringsliv, sogn og fjordane, strategi, nettverk, innovasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 424040136
- Sist endret