Daglig leder
Optimera AS
- Frist 23.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledarstilling i Odda – vi søkjer deg med erfaring frå drift, folk og resultat – uansett bransjebakgrunn!
Du treng ikkje erfaring frå byggevare for å lukkast hjå oss – vi veit at kunnskap og ferdigheiter frå andre bransjar kan vere like verdifulle.
Kanskje har du hatt ansvar for butikk eller avdeling, leia eit team, jobba med budsjett og resultat, eller vore den som får ting til å skje i kvardagen. Er du trygg på folk, god på struktur – og likar at det er orden i både tal og team? Då vil vi gjerne snakka med deg.
Kva får du hos oss?
Ein sentral rolle i utviklinga av Montér Odda
Ansvar for drift, økonomi, personal og kundeoppleving
Eit godt arbeidsmiljø og eit dyktig team på 9 kollegaer
Eit stort konsern i ryggen – med tryggleik og moglegheiter
Opplæring, leiarprogram og utvikling viss du vil lære meir
Kven er du?
Du er ein handlekraftig og positiv person som likar å jobba saman med andre – og får energi av å leia, støtta og skapa resultat. Du har erfaring frå arbeid der drift, struktur, menneske og kundeservice har vore viktig. Du er trygg i rolla som leiar, og ønskjer å bidra til både trivsel og utvikling på arbeidsplassen.
Du treng ikkje kunne alt om bygg. Det viktigaste er at du er god på drift, har leiarerfaring og ønskjer å bidra med energi, struktur og gjennomføringsevne.
Hos oss får du:
Gode pensjons- og forsikringsordningar (inkludert helseforsikring)
Gunstige personalrabattar
Tilgang til vårt leiarprogram og læringsplattform
Moglegheit for å vera med i aksjespareprogram
Ein trygg arbeidsplass der folk trivst og blir
Vi er stolte av verdiane våre: Offensiv – Profesjonell – Personleg
Og vi meiner at god kultur vert bygd av menneske – ikkje bakgrunn aleine.
Høyrer dette ut som noko for deg?
Last opp CV og søknad via lenkja i annonsen.
Vil du vita meir om stillinga?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat med:
Henning Forsberg, Regionsjef
📞 954 14 866
📧 henning.forsberg at optimera.no
Bli med og utvikla Montér Odda – saman byggjer vi vinnarar!
Om Optimera
Optimera er Norges ledende aktør innen salg og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 160 utsalgssteder, 2000 ansatte og over 15 milliarder i omsetning. Virksomheten innbefatter Montér, Montasjeutstyr, Optimera Proff, Optimera Woodfab, Optimera Logistikk, Optimera Handel, RenCon og Igland Garasjen. Optimera er en del av Saint-Gobain Distribution Norway som er eid av det internasjonale konsernet Saint-Gobain.
Les mer på www.optimera.no.
FerdigheterAI-generert
- Budsjettarbeid
- Drift (Retningslinjer fra Norsk olje og gass)
- Varehus
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Eitrheimsvågen, 5750 Odda
- Bransje: Butikk og varehandel, Bygg og anlegg, Trevareindustri
- Stillingsfunksjon: Butikksjef, Kundeservice, Salgsledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Byggevarehus, proff, Personalansvar, Kundeveiledning, Retail
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 423938780
- Sist endret