Sjukepleier
Helse Fonna HF
- Frist 07.09.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar – og klar for fjord, fjell og fagleg utvikling?
Er du sjukepleiar på jakt etter nye og spanande utfordringar? Då er det kanskje akkurat deg vi ser etter!
Vi har to ledige 100 % faste stillingar i 3-delt turnus for sjukepleiar ved kirurgisk og medisinsk sengepost i Odda. Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg.
Kirurgisk og medisinsk sengepost har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
På vår avdeling får du brei kunnskap og blir trygg på mange ulike fagfelt. Vi tek imot pasientar med ei rekkje ulike problemstillingar og diagnosar. Fagfelta vi jobbar med er mellom anna lungesjukdomar, infeksjonar, hjartesjukdom, palliasjon, kirurgiske tilstandar m.m. Vi legg ikkje skjul på at dagane kan vera travle, men du står aldri åleine. Du får gode kollegaer rundt deg, solid opplæring og ei leiargruppe som ser deg.
Vi kan lokka med ein arbeidsplass med stor variasjon i arbeidsoppgåver, gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. I tillegg kjem fantastiske friluftsmoglegheiter i distriktet!
💸 Få sletta inntil 25 000 kr i studiegjeld i året!
Bur du i Ullensvang kommune, kan du frå 2026 få studielånet redusert med opptil 25 000 kroner årleg.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer!
Hardangerfjorden og Odda byr på spektakulære naturopplevelser året rundt – sjå mer her: Hardangerfjord – Opplevingar i Odda.
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar
- Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane
- Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga
- Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta
- Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ta del i oppgåver som til ei kvar tid høyrer til avdelinga
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleier
- Har du erfaring frå kirurgisk eller medisinsk sengepost, er det ein fordel – men vi lærer deg gjerne opp!
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på nivå B2. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- kommuniserer godt og samarbeider effektivt med kollegaer og andre faggrupper
- jobbar godt både sjølvstendig og i team
- ein aktiv bidragsytar til eit positivt og støttande arbeidsmiljø
- er open for nye utfordringar
Vi ser etter sjukepleiarar med gode ferdigheiter til å prioritere mellom arbeidsoppgåver og pasientar i ein variert arbeidskvardag
Kvifor skal du velje oss?
- Dersom du bur og har adresse i Ullensvang kommune, kan du få sletta studiegjeld med inntil 25 000 kr i året frå 2026
- Vi har et godt innarbeida opplæringsprogram og oppfølging av nyansatte
- Mentorordning/fadderordning for nytilsatte
- Fagdagar i turnus
- Årsturnus med moglegheit for for å komme med ønskje
- Hjelp til å finne bustad – vi hjelper deg å finne ein stad du kan kalle heime
- Fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel, med årlege treffpunkt som mellom anna julebord og sommarfest
- Leiing som er tett på drift og tilsette i kvardagen
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Norsk
- Observere helsetjenestebrukere
- Pleie og omsorgsarbeid
- Pre- og postoperativ behandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
trolltunga, sykepleier, fjord, fjell, odda
Annonseinformasjon
- FINN-kode 423906249
- Sist endret