Anleggsmekanikar
Sartor & Drange AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Anleggsmekanikar
Vi har ledig stilling som
Anleggsmekanikar
Vi ser etter ein praktisk anlagt og løysingsorientert anleggsmekanikar med solid erfaring som likar å skru og har lyst til å bli ein del av laget vårt. Du får jobbe i et fagleg sterkt miljø med alt frå store maskiner til småreparasjonar – både ute i felt og inne på verkstaden.
Arbeidet vil vere variert, men går i reparasjonar og vedlikehald av anleggsmaskiner og alt mogleg av tilleggsutstyr og mindre maskiner. Feilsøking på mekaniske, hydrauliske og elektriske system. Dokumentasjon av arbeid i tråd med HMS-rutinar og krav. Bidra til at maskinparken er i topp stand.
Vår forventning er at du:
· Har erfaring som anleggsmekanikar eller liknande rolle.
· Har fagbrev som anleggsmaskinmekanikar eller liknande, men er ikkje eit absolutt krav. Kompetanse og erfaring innan faget kan kompensere for manglande fagbrev.
· Har førarkort klasse B, fordel med klasse BE, C1E/C, truck samt G4/11, men er ikkje eit absolutt krav.
· Trivst med ein kvardag der ein må snu seg fort rundt.
· Er nysgjerrig, lærevillig og finn løysingar.
· Beherskar norsk flytande både munnleg og skriftleg
· Er nøyaktig og presis med dokumentasjon på utføring av arbeid
Vi kan tilby:
· Ein trygg og fast jobb i eit godt arbeidsmiljø
· Ein variert kvardag med gode kollegaer
· Eit godt fagmiljø med moderne utstyrspark og eige verkstad
· Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar
· Moglegheit for fagleg utvikling
Spørsmål om stillinga kan rettast til verksmestar Asmundur Jespersen på 982 46 704 eller personalansvarleg Håvard Jonassen på 970 32 620. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 220 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 3500 tilsette og ca 20 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor, lager og verkstad på Straume i Øygarden kommune.
- Sektor: Privat
- Sted: Idrettsvegen 156, 5353 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Mekaniker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
anleggsmekanikar, anleggsmaskiner, reparasjonar, vedlikehald, hydrauliske system
Annonseinformasjon
- FINN-kode 422539736
- Sist endret