Butikkmedarbeider
Extra Førde
- Frist 14.09.2025
- Ansettelsesform Fast
EXTRA FØRDE søkjer butikkmedarbeidarar
Har du lyst til å arbeide i butikk?
Extra Førde har heile tre ledige stillingar som butikkmedarbeidar, to i 100% stilling, og ein i 60% stilling. Vi ser etter deg som er blid, engasjert, og likar utfordrande og varierte arbeidsdagar. Du er oppteken av å gje god kundeservice, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i butikken. Stillingane følgjer turnus med arbeidstid på dagtid, ettermiddag / kveld og kvar tredje laurdag.
Arbeidsoppgåver:
- Kundebehandling
- Varemottak / Vareplassering
- Kasse
- Tipping / post
- Forfallande reinhald og rydding
Vi ser etter deg som er:
Påliteleg, hjelpsam og imøtekommande, og du set alltid kunden først. Du jobbar strukturert og sjølvstendig, kan være fleksibel, har gode samarbeidsevner og ei positiv haldning. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.
Hos oss får du
Varierte arbeidsoppgåver og løn etter tariff. Du får god opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av forsikringsavtalane våre. Vi har rabattavtalar for tilsette. Ynskjer du å utvikle deg, har vi og opplæringsmogelegheiter hos oss i Coop Nordvest.
Høyrest dette ut som noko for deg, så håpar vi at du søkjer. Spørsmål om stillingane kan rettast til butikksjef Marit Botnen på tlf. 901 10 421
Søknad og CV registrerast digitalt på: www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 14. september 2025
FerdigheterAI-generert
- Kasseapparat
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Kronborgvegen 34, 6813 Førde
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Extra, Coop Nordvest, Butikk, Coop
Annonseinformasjon
- FINN-kode 421770617
- Sist endret