Teknisk innkjøpar
ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye tekniske strategiske innkjøpar?
I Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er vi no på jakt etter ein teknisk strategisk innkjøpar som vil vere med å sikre dei beste avtalane, dei klokaste vala, og dei mest pålitelege leveransane. Hos oss får du ei nøkkelrolle der teknisk innsikt møter strategi, der du kan ha påverknad frå første dag.
Du blir leddet mellom våre tekniske team og leverandørane, både dei vi er kjent med frå før og dei vi ikkje har møtt enno. Oppgåva di? Å sørge for at vi alltid har dei rette delane og tenestene på plass. Til rett tid, rett kvalitet og rett pris.
Dette blir din kvardag:
Utvikle og følge opp ein spissa innkjøpsstrategi
Drive anbodsprosessar og sikre gode rammeavtalar med leverandørar lokalt, nasjonalt og internasjonalt
Følge opp leveransar, avtalar og fakturaer med blikk for detaljar og heilskap
Bygge relasjonar og forhandle avtalar som gir oss konkurransefortrinn
Samarbeide tett med tekniske fagmiljø for å forstå behov og sikre kvalitet
Vi trur du:
Har høgare utdanning (Bachelor eller tilsvarande), eller erfaring som kompenserer for utdanning
Har minst 3 års erfaring med teknisk innkjøpsarbeid eller strategisk innkjøp
Har god teknisk forståing, og evne til raskt å sette deg inn i utstyr, system og løysingar som blir brukt i anlegget
Er strukturert, sjølvstendig og ein god relasjonsbyggar
Beherskar norsk og engelsk godt
Kvifor du vil like deg her:
Du får jobbe i eit selskap i vekst, der du faktisk ser resultatet av arbeidet ditt
Du får stor fridom til å påverke prosessar og avtalar
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt tempo og god stemning
Til riktig kandidat har vi fleksibilitet til å tilpasse stillinga større ansvarsområde
Vi behandlar søknader og intervjuar kandidatar fortløpande, så ikkje vent til fristen med å søke.
Klar for å ta styringa på innkjøpsstrategien vår?
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2021, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Innkjøp/forhandling, Kvalitetssikring
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 421468034
- Sist endret