Brannførebyggjar
Bjørnafjorden kommune Brann og redning
- Frist 12.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Bjørnafjorden kommune søkjer etter ein brannførebyggjar som vil vere med på å styrke brannsikkerheita i kommunen!
Bjørnafjorden kommune søkjer etter ein brannførebyggjar som vil vere med på å styrke brannsikkerheita i kommunen. Vi ser etter deg som er motivert, omgjengeleg og har lyst til å bidra til eit tryggare lokalsamfunn.
Stillinga inneberer varierte arbeidsoppgåver, og du vil blant anna få jobbe med satsingsområde, prosjekter, risikoutsette grupper, og andre brannførebyggjande oppgåver, i tillegg til feiing og tilsyn med fyringsanlegg.
Vi ønsker å utvikle oss både fagleg og med ny arbeidsmetodikk med tanke på framtidige utfordringar, og kan tilby ein spennande arbeidskvardag hos oss.
Arbeidsstad
Bjørnafjorden brann og redning, hovudkontor på Os brannstasjon på Moberg, rett ved E 39.
Bjørnafjorden brann og redning (BBR) er Bjørnafjorden kommune sitt brann- og redningskorps. Vi har om lag 60 tilsette og er delt inn i beredskapsavdeling og brannførebyggjande avdeling.
BBR har tre brannstasjonar som ligg på Moberg, i Eikelandsosen og på Venjaneset. Vår oppgåve er å beskytte og redde liv, miljø og eigedom.
Brannførebyggjande avdeling har tre seksjonar innan bustadbrannsikkerheit, personsikkerheit og næringssikkerheit, med til saman 12 stillinjgar. Avdelinga sitt hovudmål er å redusere sannsynligheit for brann, og avgrense konsekvensane gjennom risikobasert førebyggjande arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Feiing og tilsyn med fyringsanlegg
- Pipesensorteknologi
- Arbeid med personsikkerheit
- Følgje opp satsingsområde i forebyggende analyse
- Prosjektarbeid
- Handtering av bekymringsmeldingar
- Kartlegging og risikovurdering
- Informasjons- og motivasjonstiltak
- Gjennomføring av kampanjar
- Drift av tenester, lokale, køyretøy og utstyr
Du må vere fleksibel og kunne tilpasse deg endringar i arbeidsoppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Fagbrev som brannførebyggjar
- Relevant erfaring og kompetanse kan kompensere for utdanning
- Førarkort klasse B
- God fysisk og psykisk helse
- Må vere komfortabel med arbeid på tak og i høgda
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Nytenkjande og utviklingsorientert
- Strukturert og ryddig
- Gode IT-kunnskapar
Det vert lagt vekt på erfaring, personlege eigenskapar og om du er eigna for stillinga. Det er forskriftsmessige krav til kompetanse.
I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest ved tilsetting.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi tilbyr
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med fokus på HMS
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Brannstasjonane og bilane er tilrettelagt med rein og skiten sone
Bjørnafjorden brann og redning ønskjer eit brannvesen som speglar mangfaldet i samfunnet, og oppmodar alle til å søkje uavhengig av kjønn, religion, legning eller andre forhold.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid i høyden
- Forebygge brann
- Risikovurdering (forsikring)
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mobergsbakken 111, 5200 Os
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Brannvern, Saksbehandler, Sikkerhet
Nøkkelord
brannforebygger, forebyggende, fagarbeider, feier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 420716538
- Sist endret