Helsefagarbeiderar - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
- Frist 18.09.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?
Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil gjere ein forskjell kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta i Eikelandsosen har ledig 100 % faste stillingar som helsefagarbeidarar frå 01.09.2025. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som jobbar for å gi brukarane våre tryggleik, verdigheit og kvalitet i kvardagen.
Kvifor velje oss?
- Du får vere med på å utvikle, og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
- Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver ingen dag er lik!
- Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
- Du får bruke kompetansen din der behovet er størst og kjenne at du betyr noko
- Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor begrensingar
Arbeidsstad
Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
- Utøve personleg pleie og omsorg for pasientar
- Administrering av medisinar og behandling
- Samarbeid med pårørande og helsepersonell
- Dokumentasjon og rapportering i Profil
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt
- Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus, og intern opplæring
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Legemiddelhåndtering
- Norsk
- Observere helsetjenestebrukere
- Pasientbehandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Nøkkelord
helsefagarbeider, hjemmeteneste, eldreomsorg, hjelpepleier, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 420515198
- Sist endret