Prosjektleiar
Fitjar kommune
- Frist 24.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli vår prosjektleiar for samfunnsutvikling – Led Fitjar kommunes investeringsprosjektar!
Bli vår prosjektleiar for samfunnsutvikling - Led Fitjar kommunes investeringsprosjektar!
Har du eit sterkt engasjement for samfunnsutvikling og prosjektleiing? Vil du vera med på å gjennomføra viktige investeringsprosjekt som formar framtida til Fitjar kommune? Då er dette stillinga for deg!
Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for gjennomføring av kommunen sine investeringsprosjekt. Me søkjer no ein dyktig og engasjert prosjektleiar til ei nyoppretta stilling. Som prosjektleiar vil du, i tett samarbeid med etatssjefen, ha ansvaret for oppfylging og gjennomføring av investeringsprosjekta våre. Prosjekta vil variera frå mindre innkjøp til større byggjeprosjekt.
Sentrale arbeidsoppgåver:
· Ansvar for gjennomføring av kommunen sine investeringsprosjekt frå start til mål
· Prosjektering og oppfylging av konsulentar
· Grunn- og rettigheitserverv
· Utarbeiding av søknadar til offentlege instansar, som byggjesøknadar, kontakt med vegmynde og søknadar til Arbeidstilsynet
· Arbeid med offentlege anskaffingar
· Gjennomføring med entreprise og oppfylging av leverandørar og entreprenørar, også på byggjeplass
· Ivaretaking av kommunen sitt ansvar som byggherre
· Oppfylging i prøvedriftsperiode i samarbeid med einingsleiar for teknisk
· Internkontroll og SHA-arbeid i prosjekta
· Økonomistyring i prosjekta
· Forvaltning og kontroll av FDV-dokumentasjon
· Førebuing av saker til politisk handsaming
Ved behov kan det også vera aktuelt å ta del i andre oppgåver som ligg til etaten.
Kvalifikasjonar:
· Ingeniørutdanning innan relevante fag, fortrinnsvis byggingeniør. Lang realkompetanse kan i særskilte tilfelle kompensera for manglande formell utdanning
· Erfaring frå prosjektarbeid, inkludert økonomistyring, er ynskjeleg
· Kjennskap til offentleg forvaltning og aktuelle regelverk er ein føremon
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
· Evne til å jobba sjølvstendig, ryddig og strukturert
· Interesse, evne og vilje til å læra deg nye oppgåver knytt til stillinga
· Førarkort i klasse B
Personlege eigenskapar:
· Strukturert og målretta
· Gode leiareigenskapar og evne til å inspirera andre
· Løysingsorientert og fleksibel
· Høg integritet og etisk bevisstheit
Me kan tilby:
· Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
· Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar
· Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
· Konkurransedyktige vilkår og god offentleg pensjonsordning i KLP
· Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
· Trygg jobb hos ein solid arbeidsgjevar
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Fast kontorstad for stillinga er Fitjar rådhus. Administrasjonsmålet er nynorsk.
FerdigheterAI-generert
- Ingeniørarbeid
- Internkontroll
- Kjennskap til forvaltningslova
- Ledelse av underleverandører
- Offentlige anskaffelser
- Økonomistyring
- Prosjekteringsledelse
- Utarbeide Byggesøknader
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Les meir om kommunen og stillinga på https://fitjar.kommune.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5419 Fitjar
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 419902049
- Sist endret