Fagarbeidar, vernepleiar og sjukepleiarar søkes til miljøtenesta
Time kommune
- Frist 13.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidar, vernepleiar og sjukepleiarar søkes til miljøtenesta
Vil du bli med i eit engasjert fagmiljø innan helse- og velferdstenester?
I miljøtenesta i Time kommune er me ein triveleg gjeng som jobbar for å skapa gode kvardagar for menneske med samansette funksjonsnedsettingar. No treng me fleire kollegaer - kanskje er det deg?
Om avdelingane:
- Foren burettslag ligg på Kverneland, og gir heldøgntenester til 7 unge bebuarar.
- Nubben ligg på Bryne. Avdelinga gjev timebasert og heildøgnstenester til 10 bebuerar.
- Nye Vardheia ligg på Bryne. Avdelinga gjev heildøgnstenester til 3 bebuerar pr i dag.
Alle avdelingar ligg i kort avstand til buss og tog.
Ledige stillingar:
Foren burettslag:
- 100% stilling som vernepleiar / sjukepleiar. Arbeid kvar 4. helg med langvakter, samt nokre langvakter i vekedagar.
Nye Vardheia bufellesskap:
- 2 x ca 70 % stillingar, fagarbeider (moglegheit for høgare stillingsprosent), langvaktturnus med 14-timers vakter og arbeid kvar 4. helg. Ene tiltak 2:1 bemanning. (menn vert oppmoda til å søkje)
- Helgestillingar - særleg aktuelt for studentar innan helse. Arbeid kvar 3. eller kvar 4. helg.
Nubben bufellesskap:
- 100% vikariat (1 år) som vernepleiar / sjukepleiar, med langvaktar kvar 4. helg.
- Helgestillingar - studentar innan helse vert spesielt oppmoda til å søkje.
Kven ser me etter?
Er du ein person med rett kompetanse, erfaring frå og har interesse for å arbeida med menneske som har samansette funksjonsnedsettingar, håper me at du søkjer. I Miljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande. Humor, galskap og glede pregar kvardagen både for bebuarar og tilsette. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Positiv atferdsstøtte (PAS) er vårt verdigrunnlag og rammeverk. Om du ikkje kjenner til PAS, fortvil ikkje - me har dyktige kurshaldarar internt i miljøtenesta.
Spesifiser gjerne i søknaden kva stilling og avdeling du er interessert i. Intervju vil foregå fortløpande. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukarar
- Samarbeida med pårørande og sikra at brukarmedverknad vert teke vare på
- Arbeida både sjølvstendig og i team
- Bidra til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- Sørga for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeidde og oppdaterte
- Bidra til at me beheld eit godt arbeidsmiljø
- Likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for brukarane våre, følge brukarar i basseng
- Det inngår i stillinga at du er med i ressursgrupper, har medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med dei ulike bustadane.
- Rettleia studentar og lærlingar i praksis
- For stillingane i Foren og Vardheia er erfaring med og interesse for utfordrande atferd ein fordel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar / sjukepleiar / anna høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag. Fagbrev som helsefagarbeidar med relevant erfaring kan og være aktuelt.
- (gjeld ikkje helgestillingar)
- Erfaring frå miljøarbeid og arbeid med utfordrande atferd
- Dokumentert norskkunnskap på nivå B2 dersom du har anna morsmål enn norsk.
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
- Personlege og faglege eigenskapar som samsvarar med ansvaret i stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og bidreg positivt til arbeidsmiljøpet.
- Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må løysast.
- Er open for nye arbeidsoppgåver og endringar i takt med utviklinga i organisasjonen.
- Likar utfordringar, er engasjert og løysingsorientert og evnar å trekkje gode slutningar.
- Tek ansvar for eiga fagleg utvikling og tileignar deg ny kunnskap.
- Kommunisere klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg.
- har gode norskkunnskapar.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Grunnleggende sykepleie
- Observere helsetjenestebrukere
- Pleie og omsorgsarbeid
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Arne Garborgsveg, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helse, sosial, miljø, miljøtjeneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 418903999
- Sist endret