Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 6.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein maskinsjef til vår moderne, elektriske ferje MF Sunnylvsfjord – spennande jobb nær Ålesund. Fleksibel turnus 2 veker på/2 veker av - døgnskift. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
- Hybel i Eidsdal: Dersom ein ønsker å bu der på frivakt.
Arbeidsoppgåver
Som maskinsjef vil du ha hovudansvaret for den tekniske drifta av ferja.
Dette inkluderer:
- Sikre at alt teknisk utstyr fungerer i samsvar med gjeldande krav.
- Vedlikehald av maskineri og system gjennom AMOS vedlikehaldssystem.
- Oppfylging av sikkerheitsstyringssystemet i samarbeid med skipsførar.
- Opplæring og oppfølging av mannskap under din leiing.
- Overvaking av brennolje-, smøreolje- og ferskvatnforbruk.
- Budsjettering og bestilling av reservedelar.
Er dette deg?
Du trivst med ansvar og tekniske utfordringar, og likar å jobbe i eit miljø der samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til suksess. Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og tek initiativ når det trengst. Med godt humør og ei positiv innstilling bidrar du til eit godt arbeidsmiljø og trivsel om bord. I tillegg brenn du for å vere med på den grøne utviklinga i maritim sektor og jobbe med moderne teknologi.
- M3-sertifikat (minimumskrav)
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
Kva kan vi tilby?
- Eit solid fagmiljø med gode kollegaer og moglegheit for vidare utvikling
- Gode velferdsordningar: Tilgang til firmahytter, gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hybel i Eidsdal tilgjengeleg for frivakter dersom du ikkje bur lokalt.
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift
Interessert? Send inn søknaden din i dag og bli ein del av den fine gjengen på MF Sunnylvsfjord – vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, jill.juberg@fjord1.noArbeidsstad
6200 Stranda Municipality
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4996799624
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 418163576
- Sist endret

