Funksjonsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 10.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye funksjonsleiar på avgiftningsposten?
Frå oktober 2025 blir avgiftingsposten ein del av den nyoppretta Avdeling for Rus og Avhengigheit (ARA) i Helse Fonna. Denne omorganiseringa er eit strategisk grep for å samle fagressursar, styrke tverrfagleg samarbeid og sikre heilskaplege pasientforløp. Ved å etablere eit samla fagmiljø, legg vi til rette for målretta fagutvikling, effektiv ressursbruk og sterkare teamarbeid på tvers av einingar. ARA vil omfatte avgiftingsposten, TSB-poliklinikkane på Karmøy og i Haugesund, TSB-post i Kopervik og LAR-poliklinikkane i Haugesund og på Karmøy.
Avgiftingsposten er eit døgntilbod for vaksne pasientar over 18 år med rusavhengigheit. Kvardagen er prega av korte og strukturerte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, samt miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi søkjer deg som arbeider strukturert, er til stades for medarbeidarane dine og kan vere ei støtte for dei i utfordrande situasjonar. Du er ein lagspelar i eit leiarteam og bidreg aktivt til fagleg og organisatorisk utvikling.
Vi ser fram til å få ein ny leiar med på laget i det vidare utviklingsarbeidet, og oppmodar deg til å søkje.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer nærare informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med avdelingsleiar på telefon.
Kva går jobben ut på?
- Ansvar for rekruttering, bemanning og dagleg drift
- Styre drifta innafor vedtatte budsjettrammer
- Ansvarleg for fagleg utvikling i tråd med nasjonalfaglege retningslinjer
- Bidra til kvalitet og pasientsikkerhet
- Fagleg dialog med henvisande instansar, og tett samarbeid med leiarteamet
- Delta i klinisk arbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege/psykolog, eller helse- og sosialfagleg høgskuleutdanna
- Vidareutdanning innan fagområdet og/eller erfaring fra rusbehandling er ein fordel
- Ledererfaring og/eller videreutdanning i ledelse er ein fordel
- Relevant kunnskap om dei ulike rusmidlenes farmakologi
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er strukturert og har god gjennomføringsevne
- er ein lojal og trygg leiar/kollega
- har interesse for fag -og kvalitetsforbetring
- Kan vera ein brubygjar og trygg i samhandling
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Deltaking i Helse Fonna sitt funksjonsleiarprogram
- Helse Fonna har eiga godt etablert forskingsavdeling og det blir lagt til rette for forskning
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
FerdigheterAI-generert
- Farmakologi
- Kliniske rettningslinjer
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, Mellomleder, Rus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 416336081
- Sist endret