Rådgjevar IKT
Eidfjord kommune
- Frist 17.8.2025
- Ansettelsesform Fast
100% fast stilling som Rådgjevar IKT - 2. gongs utlysing
Om stillinga:
Eidfjord kommune har ledig fast stilling i 100 % som rådgjevar IKT. Stillinga inngår som ein av 2 stillingar i IKT-avdelinga.
Eidfjord kommune har eit nært IT samarbeid med Ulvik og Kvam kommunar basert felles Tennant, Intune, Entra, VM, Microsoft og Veeam servermiljø. IT har ansvar for drift og utvikling av kommunen sin infrastruktur og utstyr med nærare 1000 einingar.
Tilsette i kommunen nyttar Microsoft 365 produkta som basis arbeidsverktøy. Auka digitalisering går føre seg i alle sektorane, og IT vil ha ei sentral rolle i digitaliseringsarbeidet med å gje råd, planleggja, leggja til rette og fylgja opp einingane si digitale utvikling.
Arbeidsoppgåver:
Kartlegging, planlegging og tilrettelegging av kommunen og einingane sine behov
Vurdera implementering av sentrale føringar frå stat, KS, Helsecirt, NSM. m.fl.
Digitalisering og tilpassa IT-løysingar
Sikre stabil IT-drift og brukarstøtte
Bidra til at tenestene nyttar digitale løysingar
Ivareta informasjonstryggleik
Forvalta IT-system portefølje
Ynskte kvalifikasjonar:
Høgare utdanning innan IT eller liknande, eller som har bygd opp solid driftserfaring gjennom praksis og fagbrev
God forståing for IT-infrastruktur og tryggleik
Gode evner til å tileigna seg djupnekunnskap om behov og vurdera løysingar
Gode samarbeidsevner
Førarkort klasse B
Me tilbyr:
Ei utfordrande stilling med faglege utviklingsmogelegheiter
Forma framtidas digitale tenester i Eidfjord kommune
Eit godt arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid
Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår og løn etter avtale
God pensjonsavtale (KLP)
Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån
Tilsetjingsvilkår:
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til kvar einskild tid fylgjer av gjeldande lover og tariffavtalar
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Anna info:
Arkivsak nr.: 25/603
Arbeidsspråk er nynorsk
Ferdigheter
- Digitalisering
- IKT-infrastruktur
- IKT-støtte
- Informasjonssikkerhet
- IT løsninger
- IT-operasjoner
- Sikkerhetsadministrasjon
- User support
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgjeven av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgjevar, ikt, digitalisering, it-drift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415934847
- Sist endret